Medarbeidarundersøking 2012
Vi har eit godt resultat på fleire område i undersøkinga i år, og det er framgang på dei fleste område i 2012. Vi ser at område vi set ekstra fokus på har ein positiv framgang, dette er svært gledeleg!
Skjåk kommune nyttar Bedre kommune til å gjennomføre undersøkinga. Dette gjev oss anledning til å samanlikne resultatet vårt med gjennomsnittsresultat for landet samla. Samanlikning i forhold til landet kan endre seg i løpet av året da det er førebels er berre 30 kommunar med i landssnittet. Svarprosent i 2012 er på 59 %. Spørsmåla i undersøkinga er oppdelt i 11 ulike kategoriar, desse har fleire underspørsmål. Tabellen under syner ei oversikt over snittet av spørsmåla i dei ulike kategoriane. Her er resultat frå både 2009, 2011 og 2012.
Til tross for gode resultat er det viktig å vere klar over at det kan vere ting å gripe fatt i på ulike område. Det er markante forskjellar mellom ulike tenesteområde. Det gjeld både svarprosent og resultat på enkelte spørsmål.



