Planar for Rv.15
05.06.2012
Skjåk Formannskap skal handsame høyring på rv15-strekinga frå Langevatn i Skjåk til Hjelledalen.
Grunnlaget er ei Konseptvalutgreiing.
Riksveg 15 Skjåk-Stryn er svært viktig for Skjåk sidan dette er stamveg mellom aust og vest.
For næringslivet er det avgjerande å få eit vegsamband som er å lite på. Ikkje berre skal ferdige varer ut av regionen og fram til sentrallagera i nord og sør til rett tid, men råvarer og ferdigvarer inn til eit ekspansivt næringsliv på Nordvestlandet må også sikrast effektiv transportkorridor. Transport av m.a. livdyr og næringsmiddel frå Ottadalen og vestover må ha kortast mogleg framføringstid. For reiselivet i heile regionen og etablering av heilårs arbeidsplassar, vil det dessutan vere heilt avgjerande at ein får etablert samband mellom Rv 15 og Geiranger/Verdsarvområdet med arm til Opplendskedalen.
Ved val av konsept må det tenkast i eit langsiktig perspektiv på minst 40-50 år. Så vel nærings- som kollektivtransport må sikrast eit framtidsretta og rassikkert konsept. Å legge til rette for betre trekkruter og kalvingsområde for villreinstammen i Breiddalen vil vere eit viktig miljøtiltak.
Val av konsept som kan byggast ut stegvis utan å hindre eksisterande trafikk vil vere viktig, særleg for næringslivet. Utviding/strossing av eksisterande tunnelar med stenging i inntil 4 år, vil gje store negative ringverknader. B2 konseptet vil derimot gjennom trinnvis utbygging løyse dei 3 hovudutfordringane med: rassikring av Grasdalen, heilårssamband til Geiranger og rassikker veg frå Skjæringsdalen til Hjelledalen. På kort sikt vil rassikring av Grasdalen med tunnel frå Skjæringsdalen til Lægervatn vere viktigast.
Framlegg til vedtak:
1. Skjåk kommune tilrår at konsept B2 vert lagt til grunn for vidare planlegging.
2. Strekninga Skjæringsdalen til Breidalen med lang tunnel må prioriterast fyrst.
3. I staden for midlar til 0+ alternativet, ber Skjåk kommune om at det tidleg i perioden vert finansiert ny tunnel mellom Skjæringsdalen og Breidalen.
4. Konsept B2 må kombinerast med arm til Opplendskedalen, som 1 av 3 byggetrinn, for å sikre heilårssamband til Verdsarvområdet /Geiranger.



