Om Skjåk

Bismo frå Flækkøyhø - Klikk for stort bileteBismo frå Flækkøyhø Morten Kielland

Skjåk ligg i Ottadalen i Oppland fylke mellom majestetiske fjell og flott natur for friluftsliv. Reinheimen nasjonalpark ligg i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. 

Kommunesenteret i Skjåk heiter Bismo og her bur om lag 40% av av innbyggjarane i kommunen. Ein velutvikla infrastruktur dekker bu og næringsområda i Bismo. Dei fleste har sitt arbeid i Bismo i industri, handel og tjenesteyting. 

Dei bygde områda ligg stort sett mellom Lom og Dønfoss, på ei strekning i dalen på 22 km. Bismo ligg midt i dette området. Skjåk har bustadfelt i Bismo, Aurmo og Dønfoss. Innbyggjarane er for det meste samla i Bismo og i Skjåk. Bråtågrenda ligg 20 km vest for Bismo.

Riksveg 15 frå Otta til Stryn, går gjennom bygda. Næraste kommunesenter er Lom med reisetid 15 minutter i bil. Til Otta er reisetiden ca. 1 time og til Stryn ca.1,5 time. Jordbruksareala ligg som en "buffer" mellom bustadområda i aust og vest.

Det er fleire industribedrifter i Bismo: Interfil lagar ventilasjonsfilter. Glasitt produserer byggemateriale av returglass. Styvo Bismo er ein offshore-bedrift. Skjåk Almenning produserer trelast i furu. Skjåk Hedda hytter er ein hytteprodusent. Elles er arbeidslivet prega av handel og offentleg tenesteyting.

Bygda utanfor bustadområda er prega av landbruk og reiseliv. Skjåk Almenning er ein stor privat naturforvaltar som eig mesteparten av arealet vest for Bismo.  

Publisert av Morten Kielland. Sist endra 06.12.2013
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering