Kommuneblome

Lapprose - Klikk for stort bileteLapprose Morten Kielland Lapprosa er valt som kommuneblome for Skjåk. 

Lapprosa veks fleire stader i fjellet i Skjåk. Bispberget er ein god lokalitet. Lapprosa er uvanleg utanfor våre fjellområde i Sør-Norge. Og den er sjeldan utanfor Norge. Det er framlegg om å sette lapprosa som raudlisteart. Norge har teke på seg eit spesielt ansvar for å forvalte lapprose.

Lapprose er den eineste rhododendron-arten i vår flora som veks vilt. Lapprose er ein fem centimeter høg dvergbusk som veks på kalkrike rabber i fjellet i juni. Blomane er purpurraude, om lag to centimeter breie og dei sit i ein skjerm. Blada som er mørkegrøne på oversida og rustfarga på undersida, er grøne også om vinteren. 

Publisert av Morten Kielland. Sist endra 06.12.2013
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering