Kommunevåpen

Logo Skjåk kommune - Klikk for stort bileteLogo Skjåk kommune

Kommunevåpenet for Skjåk kommune er eit sylv firblad på blå botn. 

Våpenet symboliserer den skaparevna som gjennom alle tiderhar vore nedfelt i bygdafolket i Skjåk. Denne skaparevna har lagtgrunnlaget for den vekst og styrke som er nedfelt i kommunen sittordspråk: Vekst og styrke.

Firbladet har vore brukt i ulike former i den riketreskjerartradisjonen som kjenneteiknar bygda. Ein finn det t.d. påstuguskåp etter Skjåk-Ola, på preikestolane i kyrkjene i Skjåk ogNordberg og i anna handverk som t.d. smiarbeid.

Blomst/akantus. Blomst/blad kan generelt symbolisere blomstring- at det veks og gror. Akantus symboliserer opphaveleg livet og detudøyande. Her symboliserer den og folketradisjon iallemannseige.

Motivet er utforma av Arvid Sveen i Vadsø.
Kommunevåpenet for Skjåk vart godkjendt i statsråd 31. mars1989.

Publisert av Morten Kielland. Sist endra 08.10.2013
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering