Billingen Kulturstig

Billingen kulturstig - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig

Billingen kulturstig er ei rundløype på 3,3 km kilometer. Den går gjennom skogkledd landskap oppover til skoggrensa, før den kryssar elva Føysa over ei spennane bru og går ned att til Billingen seter.  

Billingen kulturstig

Kulturstigen går inn i Reinheimen nasjonalpark og tek for seg spesielle emne som kvartærgeologisk historie, særeigne botaniske kvalitetar og bruk av området. Stigen kryssar både Tora og Føysa elv  på fleire spektakulære bruer.  Du får vidt utsyn frå Reinheimen nasjonalpark mot Honnsrøve naturreservat til Breheimen nasjonalpark når du kjem opp over skoggrensa. 
 
Statens Naturoppsyn har bygd kulturstigen SNO har også vedlikehaldet. Design på tavler: Hilde Kielland Mølmen.
 

Postar

1. Furu
2. Ulvelav
3. Steinbrua
4. Landskapet
5. Seterbrua – stokkbrua
6. Billingen seterstul
7. Tora utleggsbru
 

1.Furu

Billingen kulturstig - furu - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - furu Furu (Pinus sylvestris) høyrer til furuslekta og er av furufamilien Det er den einaste furuarten som veks vilt i Norge. Blomstrane blir vindbestøva og veks ut i midten av juni. Det tek 2 år frå blomstring til frøet er modent. Naturleg norskveksande furu (lat.Pinus sylvestris var. sylvestris) veks også i Spania, Skottland, Norden og Sibir. I Norge er 31% av tømmervolumet i skogen furu.
Furu utgjer ein stor del av elgen og storfuglen si vinterføde. Furu som veks opp mot barskoggrensa, blir og kalla malmfuru fordi ho veks seint, har tette årringar og derfor har stor malmandel (mørk kjerneved).  
Furu har vore nytta til byggjemateriale i Norge i uminnelege tider, blant anna til konstruksjon av stavkyrkjene våre, og malmfuru er framleis mykje brukt her i landet. Det finst fleire tømmerhus i Skjåk frå mellomalderen, d.s.v som er over 500 år gamle. Lokalt har fururøter vore nytta til å produsere tjære. Dette furutreet er fleire hundre år gamalt  
Klima
Furu har markerte årringar som viser alderen.  I år med godt klima og gode vekstilhøve blir årringane breie, men dei blir smalare med lågare temperatur gjennom sumarhalvåret.  Utifrå  dette kan ein sjå korleis klimaet har endra seg gjennom tidene. Variasjonar i årringbreidde gjer det og mogleg å finne ut kor gamle tømmerhus er.
 

2.Ulvelav

Billingen kulturstig -  ulvelav - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - ulvelav Ulvelav (Letharia vulpina) er eit skjegglav i familien Parmeliaceae som i Norge trivst bl.a. i indre strok av Austlandet. Den veks særleg i gamal furuskog, på daud ved. Ulvelav inneheld vulpinsyre og er relativt giftig. Vulpinsyra gje også laven den karakteristiske svovelgule farga.  
Ulvelav har i tidligare tider vore brukt som gift i ulveåte, derfor namnet. 
 
Fram til 1800-talet var ulvelaven handelsvare, og i Skjåk vart den sanka og seld på marknader rundt om i landet.  Den vart også brukt til farging av garn.
 
Danskekongen sende i 1743 ut eit spørjeformular til alle fogdeembeta i Noreg. Han ville mellom anna ha innberetning om kva nytte befolkinga i landet hadde av planter og andre vekstar. Frå Gudbrandsdalen fekk han ei nøyaktig oppteikning på bruken av ulvelav som gift i ulveåte.  Lokalbefolkninga fortel at dei flådde mindre husdyr. Kjøt og bein hogde dei opp og la tilbake i skinnet saman med spansksalt, knust glas og hakka ulvelav. Skinnet vart så sydd i hop att. Skrotten vart deretter lagt på ein stad der ulven ferdast.  Ettersom kor mykje ulven åt, kunne han døy etter ein time eller  det kunne gå fleire dagar.
Ulvelaven er raudlisteart og klassfisert som sårbar, og er sjeldan. Den må derfor få henge i fred, men ta gjerne bilde av den.
 

3.Steinbrua 

Billingen kulturstig - steinbrue - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - steinbrue For ca. 10 000 år sidan tok siste istida i Skandinavia slutt. Da skjedde det store geologiske endringar, som vi framleis ser resultatet av i landskapet i dag.  Denne ”steinbrua” vart danna den gongen.  Da isen trekte seg attende innover i fjellet vart store vassmengder frigjorde. Desse danna elvar som grov seg ned gjennom lausmassane, og ned i fast fjell. Såleis vart gjelet i Føysa danna. Den store steinen som nå ligg nedklemt i gjelet har glidd ned ettersom lausmassane eroderte bort. Da den la seg til ro vart den liggjande fastklemt i gjelet, som ei bru. Det var såleis dei store klimaendringane på slutten av istida som gjer at steinen ligg her i dag.
I den lokale folketradisjonen er skapinga av denne merkelege ”brua” trolla sitt verk.
Du kan lese historia om dette trollet på informasjonstavla om Billingen ved startpunktet på stigen.
 

4.Landskapet

Billingen kulturstig - landskapet - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - landskapet For ca. 10 000 år sidan tok siste istida i Skandinavia slutt. Da vart det landskapet vi ser i dag danna.  Den store iskappa som låg over Skandinavia trekte seg attende og dalane vart skapte. Dei fleste av desse breforma dalane er kjenneteikna ved eit U-forma tverrsnitt og blir kalla U-dalar.  Isen skuvde også ihop lausmassar som vart liggjande att som lange haugar og åsar i terrenget. Desse vert kalla morenar.  
I området ved samløpet mellom Tora og Føysa vart det avsett store mengder lausmassar da innlandsisen trekte seg attende.  Til å byrje med var landskapet livlaust og snautt med mykje grus og stein, iblanda delar av is som hadde losna frå breen. Brotstykka av isen kunne vere store og mange av dei var gøymde under lausmassane. Etter som tida gjekk smelta dei og vatnet og vart borte  i grunnen. Da vart det eit tomrom, ei grop, der isen hadde lege.  Gropa som vart danna kunne vere større eller mindre ettersom kor stort isstykket hadde vore.  Derfor er landskapet så kupert i området du går i.  
Ei slik grop blir kalla daudisgrop.
 

5.Seterbrua - stokkbru 

Billingen kulturstig - seterbrua - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - seterbrua Denne brua er bygd av setereigarane på Billingen. Vi veit ikkje kor lenge det har vore bru her, men brua er svært gamal.  Den er bygd for å kunne bruke området på nordsida av Tora elv til beite, men den er og viktig for jegerar og fiskarar.
Brua er lagt på ein stad der innsnevringa i Tora elv er på sitt trongaste. Brukara er mura etter turrmurprisippet, d.v.s. at det ikkje er brukt nokor form for bindmiddel mellom steinane.  Avstanden mellom brukara er akkurat så lang at lengda av ein tømmerstokk rekk over.  Derfor blir ei slik bru kalla ei stokkbru.
 

6.Billingen seterstul

Billingen kulturstig - seterstulen - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - seterstulen Billingen er ein av dei eldste seterstulane i Skjåk.  Vi veit at det var setrer her i år 1665, da fyrste skattematrikkelen for Skjåk vart laga. Seterstulen er delt i to, med Øverstulen og Nerstulen.  Namnet Billingen har sitt opphav i det norrøne språket og tyder tvilling.  Dette kjem truleg av at seterstulen var delt i to område.  Det er 10 gardar som har setrer på Billingen.  Stulen ligg i Skjåk bygdeallmenning og gardane har bruksrett i allmenningen d.v.s. rett til bl.a. seterdrift. Når gardar skulle finne plassar å legge setrene på, var det vanleg at heile grender la setrene sine i same området.  På Billingen er det gardar frå Skjåkstrond som har setrer.
Nokre gardar hadde både vårseter og sumarseter.  Da brukte dei vårsetra, som låg i utmarka nærare garden, fyrst på året, til det er snøfritt oppe i skogrensa der sumarsetrene vanlegvis ligg.  Billingen er ei sumarseter og blir brukt til ut på hausten.
På setrene hadde dei geit og kyr som vart mjølka utover sumaren.  Budeiene som stelte bufeet ysta ost og kinna smør av mjølka. Desse produkta vart frakta ned i bygda med kløvhestar.
Rundt 1920 bygde dei seterysteri på Billingen, der alle setereigarane leverte mjølka og hadde felles ysting.
 

7.Tora bru - Utleggsbru 

Billingen kulturstig - utleggsbru - Klikk for stort bileteBillingen kulturstig - utleggsbru Brua er truleg bygd på 1700-talet, men ho kan godt vere eldre.  Brua kryssar Tora elv nedanfor samløpet mellom elvane Tora og Føysa.  Dei mange elvane i området rundt Billingen har vanskeleggjort  både samferdsla og bruken av området rundt Billingen. For å lette på dette vart det bygd bru over Tora på denne staden.  Det gjorde at ein kunne reise gjennom Billingsdalen til Vestlandet utan å vade større elvar.  
Denne brua er ei såkalla utleggsbru. Ho er bygd etter eit prinsipp som er svært gamalt. Byggjemåten er slik: Ein startar med å fundamentere og lafte i hop ei tømmerkasse som ein fyller med stein på båe breddene.  Så legg ein utover trestokkar som går eit stykke inn på denne steinkista. På enden av stokkane legg ein steinblokker som motvekter på landkanten. Fleire stokkar blir lagt oppå kvarandre og lafta ihop og med motvekter, slik at kvar ny stokk stikk litt lengre ut enn den som ligg under.  Når dette vart gjort frå båe breiddene av elva, vart det til slutt lagt over ei stokklengd på midten som batt båe sidene saman.  
Det meste av den gamle brua fall ned i 1986. I 2008 vart brua bygd opp att, med delvis bruk av den gamle. Brua er både krokete og bratt opp frå båe kantar.  Det er med andre ord ei bru som er bygd etter terrenget, og derfor glir den harmonisk inn i landskapet.  
 
 
 
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 15.10.2014
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering