Gamle Strynefjellsveg

Gamle Strynefjellsvegen - Klikk for stort bileteGamle Strynefjellsvegen Siri Spjelkavik  Nasjonal turistveg Gamle Stynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter. Strekninga er 27 km lang (fv. 258). Vegen er vinterstengt, og er open frå tidleg i juni til snøen kjem. Det er mange kulturminner langs vegen.

Gamle Strynefjellsvegen - Klikk for stort bileteGamle Strynefjellsvegen Morten Kielland

Strynefjellsvegen er over 100 år gamal

Den over 100 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet. 
 
I gamle dagar var det mange ruter over fjellet som vart brukt til kløving og riding, men det var strabasiøse og tunge turar. Derfor vart det i 1881 bestemt å byggje veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. I 1884 stod vegen klar, og den ligg der framleis som eit minnesmerke over ei tid som har gått.
 
Grotli, ved den austre delen av vegen, var frå tidligare møtepunkt for reisande mellom aust og vest. Mange cruiseturistar kom hit for å oppleve norsk fjellnatur. Vegen er ein vakker køyretur og i sterke haustfarger er den i særklasse.
 

Tysk bombefly ved Gamle Strynefjellsveg - Klikk for stort bileteTysk bombefly ved Gamle Strynefjellsveg Morten Kielland

Tysk bombefly

Køyr den gamle Strynefjellsvegen 2,8 km. Følg DNT-ruta Grotli-Skridulaupbu over Måråi 800 m, før du går i terrenget 1,5 km oppover Mårådalen til osen på Heillstuguvatnet. Her finn du restar etter eit tysk bombefly som nødlanda i 1940.
 
Blackburn Skua var den fyrste engelske stupbomberen som vart bygd. 27. april 1940 fekk ein Skua sjå ein tysk Heinkel-111 ved Åndalsnes og gjekk til angrep. Skuane var ikkje bygde som reine jagerfly og hadde berre 10 knop større fart. Fyrst ved Geiranger/Grotli vart Heinkelen skote i brann, og flyet krasjlanda ved Heillstuguvatnet. 
 
Samstundes fekk Skua L2940 motorstopp og måtte nødlande på det isdekte Breiddalsvatnet. Det engelske flymannskapet ved R.T. Partridge, sette fyr på cockpiten, før dei etter fleire timers marsj i djup snø tok seg inn i ei hytte. Seinare høyrde dei lydar på utsida av hytta, og der stod det tre overlevande frå den tyske Heinkelen. Tyskarane som var vepna, vart invitert inn og tilbode det som var å finne.
Dei tyske flygarane vart teke som krigsfangar neste dag på Grotli, og seinare sende til Canada.
 
Historia er filmatisert i filmen "Into the white" 2010.
 

Heillstugu - Klikk for stort bileteHeillstugu Bjørn Dalen

Heillstugu

Køyr den gamle Strynefjellsvegen 3 km. Gå på hengebru over Måråi før du går i terrenget 0,7 km langs Heillstuguvatnet og fram til Heillstugu. 
 
Mellom bekkane som renn ned i Heillstuguvatnet, ligg restane etter Heillstugu. Slike steinbuer eller sælehus vart sett opp for farande folk i fjellet. Det er sagt at både Harald Hårfagre og Heilag Olav skal ha sove der.Heillstugu ligg på ferdselsvegen frå Ottadalen til Stryn.
 
Ferdselsvegen har fått namnet Sunnivaleia etter  heilagdomen på Selje. Det var pilgrimsvandring i den katolske tida i Norge frå austlandet og vestover til Selje.
 
Startar vi ved Fossbergom i Lom ved Moar kyrkje, så gjekk vegen på sørsida av dalen til Vollungsbru i Skjåk, gjennom Bismoen, over Bruheimsbru til Lindsheim, og vidare til Dønfoss, over Gjelbrue, innover Ostradalen forbi Brekkom seterstul, og over  Bråtååsen til Framrustsetera. No gjekk vegen over Glittervatnet, ned til Heillstugu og over vadet i Måråi, som låg vest for Heillstuguvatnet. På andre sida av Måråi gjekk leia opp og vestover til Vargevasskulane og ned Videdalen til Stryn, og vidare utover til Selje.
 

Steinalderbusetnad

Etter 3,5 km finn du restar etter steinalderbusetnad ute på odden, datert til 4000 år før Kristus. 
 

Reinsgraver

Etter 3,5 km bak haugen på andre sida av vegen ligg det to reinsgraver. Saman med gravene ved osen på Heilstuguvatnet og på Vargevasskulane sperra dei reinstrekka som gjekk mellom områda rundt Skridulaupen og Breiddalsområdet.
 
I høgfjellet var veggane mura med stein. Når grava var ferdig vart den dekt til med trespildrer og oppå var det lagt lag med mose og annan vegetasjon. 
 
Reinsgravene har vore i bruk frå før år 0. Etter 1350 og Svartedauen, minka bruken. Da geværet kom i bruk midt på 1500-talet, vart bruken i praksis godt som borte. Ikkje før Jaktlova kom i 1899, blei det sett forbod mot å fange villrein i graver.
 

Anleggssmiu ved Gamle Strynefjellsveg - Klikk for stort bileteAnleggssmiu ved Gamle Strynefjellsveg Morten Kielland

Anleggssmie 

Etter 3,5 km  og om lag 50 meter lenger mot vest, i ein sving, går det opp ein stig til murane etter ei anleggssmie frå tida da vegen vart bygd.
 
Heillstuguvassmiu vart bygd da anleggsarbeidet starta i 1890.
 

Gravrøys

Etter 8,8 km er du på Vargevasskulane. På andre sida av bekken og bak ei hytte som du ser frå vegen, finn du restane etter ei gravrøys på eit berg.
 

Vassvendingsherberget ved Gamle Strynefjellsveg - Klikk for stort bileteVassvendingsherberget ved Gamle Strynefjellsveg Bjørn Dalen

Vassvendingsherberget

Køyr den gamle Strynefjellsvegen 10,4 km. Gå i terrenget 200 m ned mot Vassvendtjønn.  Her ser du ein bekk i sør som kjem frå Raudeggbreen og delar seg, slik at noko vatn renn austover og noko vestover. Namnet Vassvendinga kjem av dette vasskillet. 
 
Om lag 200 meter nedanfor vegen går den gamle kløvvegen. Du vil sjå ein stor stein med ein mørk varde oppå. Under denne steinen finn du restar etter Vassvendingsherberget, ei steinbu som har vore brukt av folk som har fare over fjellet og av reinsjegerar.
 
Vassvendingsherberget ligg i sikre reinstrakter. Herfrå kunne reinsjegerane jakte i Mårådalen, Skridulaupen og Vassvendeggen. Herberget er på det næraste naturleg forma av store steinblokker. 
Herberget har vore nytta av dei som gjekk over Strynefjellet etter ferdselsvegen forbi Heillstugu ved Heilstuguvatnet og kryssa Måråi ved vadet vest for vatnet. Ferdselsvegen gjekk vidare forbi Tystigen og ned til Stryn.
 

Gamle Strynefjellsvegen høgaste punkt - Klikk for stort bileteGamle Strynefjellsvegen høgaste punkt Aconcagua

Vegens høgaste punkt

Etter 12,2 km kjem du til vegens høgaste punkt 1139 moh.
 

Kongsvarden

Køyr den gamle Strynefjellsvegen 14,9 km. Kongsvarden står like ved vegen.  
 
Sagnet fortel at ein av småkongene frå Oppland var på tokt vestover. Da han sto på brinken ned mot Stryn, såg han krigarar som kom mot ham. Andre segner fortel at kongen som fôr over fjellet var Harald Hårfagre. 
Kongen, kven det nå måtte vere, fann det rettast å røme unna overmakta. Han slo leir på fjellet på attendeturen, og på denne plassen vart Kongsvarden bygd. Kvar mann i følget til kongen la ein stein på varden. Sjølv sette han den  største steinen på toppen.
 
Kongsvardhytta eller telegrafhytta kom opp i 1918 da dei laga telefonsamband over fjellet. Dette var enormt viktig for sambandet i 1940, då sambandet gjennom Ottadalen vart øydelagt av tyskarane.
 

Bjørnsonsvingen

Etter 21,2 km er Bjørnsonsvingen. Her lyfta Bjørnstjerne Bjørnson Karoline opp på ein stein så ho skulle få betre utsikt. Steinen har fått namnet etter henne.
 
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 30.01.2015
Artikkel (1)
Eksterne lenker
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering