Røykjeskålslia Kulturstig

Røykjeskålsvatnet - Klikk for stort bileteRøykjeskålsvatnet Morten Kielland  Natur –og kulturstigen er ein rundtur på 9,6 km ved Sota og stigen har 15 poster. 
 

Røykjeskålvatnet med Røykjeskålslia er ein del av Breheimen nasjonalpark. Røykjeskålslia har alltid vore kjend som eit varmekjært område med innslag av planter frå vest. 

Røykjeskålen kulturstig - Klikk for stort bileteRøykjeskålen kulturstig Morten Kielland

Natur –og kulturstigen

Det er DNT som har laga stigen. Stigen er ikkje merka, men lett å følgje. 
 
Furuskogen rundt vatnet går gradvis over i bjørkeskog. Området er klassifisert som svært viktig, fordi det er eit velutvikla og sjeldan intakt område med gamal skog. Det er observert mange sjeldne fugleartar som haukugle, raudstjert, svartspett og tretåspett. Lappmeis, som er ein svært uvanleg gjest i skogane i Sør Norge, hekkar ved Røykjeskålvatnet.
 

Her er nokre av postane på turen:

 

Røykjeskålvatnet - Klikk for stort bileteRøykjeskålvatnet Morten Kielland

Røykjeskålen

Området heiter Røykjeskålen.  Vi kjenner ikkje bakgrunnen for namnet, men det vi veit er at det her har vore ein seterstul her langt tilbake i tida.  To gardar nede i Skjåkbygda hadde seter her. Gardane Harsheim og Skrinde.  I folketradisjonen er det sagt at dei flytta til nye område med setrene sine fordi det var så mykje orm og underjordiske her.  Ormen var plagsam for kyrne,- og beit dei i juret. Ein vår dei kom på setra låg det ein daud mann på ein benk i eit av husa, og hovudet låg bak peisen.  Da brende  dei ned huset og reiste heim att. 
 
Det er ein teori om at namnet Røykjeskålen kan kome av at det her låg eit sælehus eller heillstugu for dei som reiste over fjellet i middelalderen. Frå denne staden går to vegar over fjellet, til Stryn og Jostedalen.  Før 1730 var det ikkje setrer lenger inne i dalen, så da var Røykjeskålen siste stoppestad før fjellovergangen. Det var da naturleg å bygge eit hus for reisande i området her.
 

Syrtbyttdalen frå Røykjeskålen til Syrtbyttvatnet - Klikk for stort bileteSyrtbyttdalen frå Røykjeskålen til Syrtbyttvatnet Morten Kielland

Fjellvegar

Samkvemet med bygdene på Vestlandet i eldre tider var godt utbygdt. Det var bytehandel av varer på marknader og kløvhestane gjekk med tunge bører over fjellet.  Frå Sota gjekk det fleire fjellvegar over til Vestlandet.  Ein gjekk opp lia til Tverrådalen, med ei grein om Sottjønnene og ned langs med Illvatnet og Nørstedalen. Ei anna grein over Fortundalsbrean og ned gjennom Nørstedalen og Fortundalen til Fortun i Sogn.
 
Ein anna gjekk innover langs denne stigen. Den deler seg slik at ei grein går innover Syrtbyttdalen, over Handspikji og ned i Jostedalen. 
 
Inne ved Syrtbyttvatnet deler denne stigen seg slik at ei grein grå innover Sprangdalen, over Sprangdalsreset og ned i Jostedalen ved Viva.  Ei anna grein tok innover Mysubyttdalen, over Sogneskardsbreen, gjennom Sogneskardet og ned Sunndalen til Stryn. 
 
Det er vel og merke seg at desse traseane stort sett er dei same som fotturistane brukar i dag.
 

Kontakten mellom Skjåk og Jostedalen

Grendene i Jostedalen i Luster og Bråtå i Skjåk hadde tidlegare utstrakt samkvem seg imellom.  Dette samkvemet utvikla seg bl.a. til idrettskonkurranser.
 
I 1932 vart det avvikla skistemne mellom Jostedalen og Bråtå. Arrangementet vart halde på Mysubytta. Året etter var konkurransen avvikla i Jostedalen.  Det vart sett opp ein pokal, Handspikpokalen, som laga konkurrerte om.  Bråtingane bar også med seg hoppski over til Jostedalen, og dei kjøpte seg også ski av bjørk i Jostedalen.  
 
Turen over fjellet kunne vera hard.  Det blir fortalt at jostedølane sette fram tresko til bråtingane da dei kom fram. Dette fottøyet skulle vere det beste for trøytte føter.  Jostedølane brukte den gongen enno mykje tresko. Produksjon av tresko skulle enno vere noko av ein heimeindustri i Jostedalen den gongen.
 
Samkvemet utvikla seg også til å omfatte tevlingar mellom Skyttarlaga i Skjåk og Jostedal.  Denne stemna eksisterer enda.  Laga skiftar mellom å avvikle skyttartemna på banene sine annakvart år.  
 

Sagnet om Jostedalsrypa

I Skjåk er det nedskreve eit gamalt sagn som er blitt kjent langt utover kommunegrensene. Kort fortalt er sagnet i Skjåkversjon slik:
 
Fåbergstølen i Jostedalen - Klikk for stort bileteFåbergstølen i Jostedalen Morten Kielland Under svartedauden i 1349 kom mykje krøtter ned dalen her og til Dyringen seter der det var budeier.  Etter nokre dagar kom det folk frå bygda for å fiske i Liavatn og hente heim hestane. Ingen skjøna kvar desse krøttera kunne kome frå.  Etter kvart vart det klart at dyra måtte kome frå Jostedalen. Eindel bønder drog over fjellet til Jostedalen. Dei fann fort ut at dalen vart lagt øde av pesten. Dei bestemte seg for å gravlegge dei daude og sende bod etter ein prest.
 
Plutseleg såg dei ei lita jente. Ho hadde sett dei og sprang inn i eit av husa for å gøyme seg.  Dei klarte å fange henne, og kalla henne rype fordi ho var så redd. Ho fortalde seinare at ho heitte Maren og at det ikkje fanst noko levande menneskje att der. Jenta var frå garden Bjørkhaug.
 
Karane tok med seg jenta over til Skjåk og ho voks opp på garden Forberg der nokre av karane var ifrå.  Ho gifta seg med Trond Bottolfsen frå Skjåk og dei flytta seinare over til Jostedalen og bygde opp att husa der.
 
Denne hendinga skulle seinare vere med å legge grunnlaget for det gode samkvemet som vart mellom Jostedalen og Skjåk.
 

Sagnet om Kristen Fangje

Bakgrunnen for denne hendinga fann stad i 1736.  Da var det stor tømmerdrift i Ostradalen. Det var med skogsarbeidarar frå heile Nord Gudbrandsdalen.  Guttorm Enstad frå Lesja var ein av desse. Han var ivrig reinsjeger og ynskte å gå på jakt. Han får med seg Kristen Johannsøn frå Skjåk. Dei går innover Mysubyttdalen.  
 
Etter 2 dagar kjem Kristen åleine attende til Dyringen. Han har med seg eit stort reinsskinn som han seier han har kjøpt av Guttorm. I samtalen seier Kristen at Guttorm har gått til Jostedalen for å kjøpe smør og kjøtt.  Dei andre skogsarbeidarane undrar seg over det som har hendt og dei tek til å leite etter Guttorm.  Etterkvart finn dei tollkniven til Guttorm, knebandet hans, som er tvert av, og sølja som det er blod på. Dei konfronterer Kristen med alt dei finn og han tilstår at han har drepe Guttorm.  
 
Liket av Guttorm blir funne og undersøkt.  Han blir begrave på Lom kyrkjegard 22.juli 1736.  
Kristen blir dømt til døden. Den 28.mars 1738 vart Kristen ”- med sverd henrettet og siden uden Ceremoni i Kirkegaarden begraven”.
 
Bispberget - Klikk for stort bileteBispberget Morten Kielland I Skjåk har denne faktiske hendinga blitt til eit sagn om Kristen Fangje som slo i hel kameraten sin fordi dei var forelska i same jenta. Jenta var budeie på Sota.  Kristen vart lyst fredlaus. Da kista med den daude skulle førast til kyrkje sat Kristen oppe i Bispberget nede i Skjåk og spelte munnharpe. Da pipla det bloddråpar frå kista da gravfylgjet fôr forbi. Slåtten han spelte heiter ”Fangjen” og den blir spelt av folkemusikarar i Skjåk den dag i dag.
 
Ut ifrå dette sagnet skreiv Olav Aukrust det kjende diktet Sota.
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 15.10.2014
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering