Uppnose elgfangstanlegg

Fangstgrop i Uppnose elgfangstanlegg - Klikk for stort bileteFangstgrop i Uppnose elgfangstanlegg Morten Kielland

 

Ved Uppnose og like ved Dønfoss ligg eit fangstanlegg for elg. Ved å følgje den merka stigen 0,6 km inn i skogen mot Billingsdalen, kan du sjå 10 fangstgroper på rekkje.  

Rundløype 

Stigen med Uppnose elgfangstanlegg er lagt slik at du kan gå ei runde på 2,0 km.

Uppnose elgfangstanlegg-tavle 1 - Klikk for stort bileteUppnose elgfangstanlegg-tavle 1 Morten Kielland

Tavle 1

Her ved Uppnose i Skjåk kommune ligg eit fangstanlegg for elg. Ved å følgje den merka stigen inn i skogen mot Billingsdalen, kan du sjå 10 fangstgroper på rekkje. Bak deg i sør-sørvest, på den andre sida av elva Åstri, ligg eit fangstanlegg med 22 groper. Til samen har desse anlegga fanga opp mesteparten av all vilttrafikk mellom austre del av bygda og fjelldalane. Gropene kan og ha vore nytta til fangst av hjort.
Fangsten må ha vore godt organisert, og har truleg sikra eit overskot av produkt som kunne nyttast i vareutveksling og byttehandel langt utover dei lokale forholda. Gevir, hudar og skinn var eksportert eller bytta mot varer frå sørlegare strok.
 
Naturlege stengsler i kvar ende av anlegget gjorde at dyra ikkje kunne passere der. Eit ledegjerde mellom fangstgropene gjorde at dyra måtte trekke mellom desse og bidra og til eit effektivt fangstsystem. Sør i anlegget, nærare elva Åstri, har det sannsynleg vore ei eller to groper til.
 
I Magnus Lagabøters landslov frå 1274 heitte det at når nye fangstanlegg skulle byggjast, skulle dei liggje så langt frå kvarandre at ein ikkje kunne høyre eit øksehogg.
 
Elgtrekket er i dag truleg slik som det var da gropene var i bruk. Elgen held til i heile den skogkledde delen av Skjåk kommune. Om vinteren når det blir mykje snø, trekker den ned frå fjelldalane, og mykje elg samlast i området kring dette fangstanlegget og vidare nedover sentrale delar av bygda. 
Skogbotn med reinlav er sårbar for ferdsel, så ver venleg å hald deg til stigen. 
 

Uppnose elgfangstanlegg-tavle 2 - Klikk for stort bileteUppnose elgfangstanlegg-tavle 2 Morten Kielland

Tavle 2

Du har nå passert to fangstgroper og står ved den tredje. I 1991 vart det utført ei arkeologisk utgraving av denne gropa.
 

Konstruksjon

Gropene skulle vere djupe og tronge slik at elgen ikkje skulle kome seg opp att, og vart lett å drepe. Da grava vart bygd, vart lausmassar kasta frå gropa opp på sidene slik at det vart ein voll, og enda djupare grav.
Ei meters sjakt vart grave tvers over gropa og ein halvdel vart grave ut. Store lause steinar, restar eller trebitar, ein del kol og brend sand vart og grave fram. Heile gropa har sannsynleg vore kledd med tre innvendig, truleg i furu. Det var restar etter ei trekasse i botn. I to hjørne av kassa stod det restar etter loddrette, forkola trestykke, som indikerer at det har vore kraftige, oppreiste pålar i hjørna på kassa. Stein som låg laust i kring nede i gropa og på sidene, har fungert som støtte for trekonstruksjonen.
 

Alder

Tre kolprøver vart tatt frå gropa og tidfesta ved C-14 metode (datering av organisk materiale ved hjelp av radioaktivt karbon). Dateringane syner at fangstanlegget kan ha vore i bruk over lang tid, eller i ulike tidsperiodar - frå jarnalder og mellomalder. Prøvene viste ulike tidsperiodar: 220-570 e.Kr. 1275-1410 e.Kr. og 1500-1655 e.Kr.
 

Uppnose elgfangstanlegg-tavle 3 - Klikk for stort bileteUppnose elgfangstanlegg-tavle 3 Morten Kielland

Tavle 3

Dei fleste fangstgropene som er aldersbestemte i Noreg, er bygde i tidsperioden frå Kristi fødsel og fram til 1349 da Svartedauden satte ein stopp for mye verksemd. Det føreligg dateringar av fangstgroper attende til 3700 f.Kr. mens andre var i bruk fram til 1700-talet. I 1863 vart det i lovs form forbod mot å byggje og bruke fangstgroper for elg og dyregraver for rein. Vi veit ikkje om alle gropene har vore i bruk til same tid. I enkelte område vart det brukt lemmar over gravene for å stengje for fangst i periodar.
 
Elgstamma har veksla i forhold til naturtilhøva opp gjennom tidene. Ein meiner å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Det kan passere opptil 25 elg på sume dagar. Dette er situasjonen i dag, og vi trur ikkje det er store variasjonar i høve til den tida anlegget var i bruk. Anlegget vitnar om gode kunnskapar om vanane til viltet med sesongtrekk mellom sumar og vinterbeite. Elgen trekker inn i fjelldalane når snøen forsvinn og trekker ut att når det er for mykje snø. Området har mest elg i perioden desember til mai.
 
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 15.10.2014
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering