Vatnet Kulturstig

Vatnet kulturstig-tavle1 - Klikk for stort bileteVatnet kulturstig-tavle1 Morten Kielland Dette er ein kulturstig som gir deg ein flott fottur. Du lærer korleis folk har streva for å få vatn på åkrane i tidlegare tider. Rundturen frå Vikhø ved Aursjoen er 4,8 km.
 

 

Vatning på Nurdstun Forberg - Klikk for stort bileteVatning på Nurdstun Forberg Morten Kielland

Nytting av vatnet

 
Skjåk er ei gamal jordbruksbygd, og særleg bygget (kornet) herifrå er kjent for god kvalitet. Bygda ligg lunt til mellom fjella, og sumarstid kan det bli svært høg temperatur i dalbotn, der gardane ligg grendevis i rekkje og rad.
 
Sjøl om veksttida er heller stutt, skulle alt liggje vel til rette for gode avlingar, - berre ein hadde nok fukt i jorda.
 
Det er korleis skjåkverane gjennom generasjonar har løyst problemet med å skaffe vatn til åker og eng, denne kulturstigen i hovudsaka skal fortelje om, men vi vil også sjå på anna bruk av vatnet. I Skjåk har vi eit ordtak som seier: ”Vil Gud gje oss sol ska oss sjølve skaffe væte”.
 

Kart over Kulturstigen vatnet - Klikk for stort bileteKart over Kulturstigen vatnet

Dei enkelte postane:

  1. Vassveit
  2. Husomtjønna
  3. Aursjoen
  4. Tilretteleggjing av vassveit
  5. Flåtåtjønna
  6. Mosetak
  7. Kitilstadtjønna
  8. Vassdele
  9. Kraftproduksjon. Skjåk 1
 

1.Vassveit

 
Du fylgjer no ein gamal vassveg som ikkje er i bruk.  Denne vassvegen er graven med handmakt for omtrent 150 år sidan. Terrenget og grunnen varierer.  Enkelte stader var det fin sandjord som var lett å grave i, andre stader meir steinrikt, ofte med storstein som kravde mange tunge tak.  På eit par stader er det fjell der veita går, slike stader prøvde dei å leggje veita utanom.  Gjekk ikkje dette, brukte dei den gamle metoden med å brenne for å få berggrunnen varm.  Så slo dei på kaldt vatn så fjellet eller steinen sprakk sund.  
Stigen fylgjer no vassvegen fram til kjelda, der skal de få vite meir om dette vatnet og strevet med å prøve å få vatnet til bygds.
 

Vatnet kulturstig-Husomtjønna - Klikk for stort bileteVatnet kulturstig-Husomtjønna Morten Kielland

2.Husomtjønna

 
Eirik Husom (1817-1892), brukar av husmannsplassen Kitilstadhusom under garden Nurdstu’n Kitilstad, hadde ikkje fjellvatn til å vatne åkeren med.  Han grov derfor vassveit frå denne tjønna, framover fjellet, ned lia til garden som ligg rett nedunder i dalen.  Tjønna var ikkje teken i bruk av andre til dette formålet. – Tiltaket vart misslukka.  Tjønna som ligg på ei høgd, klarte ikkje å magasinere opp nok vatn, slik at det som rann framover fjellet og ned gjennom skogen fordunsta og drakk ned i grunnen.  Lite eller ingenting nådde åkeren.  Arbeidet husmannen la ned i tiltaket, vart såleis fånyttes.
Det har vore streva med fleire slike tiltak som har synt seg ikkje å føre fram.  Anten vart arbeidet for omfattande, eller dei hadde forrekna seg.  Slikt arbeid blir i Skjåk kalla ”måfå-arbeid”, og ei slik veit ei ”måfå-veit”.
 

Aursjoen - Klikk for stort bileteAursjoen Morten Kielland

3.Aursjoen

 

Fiske

Frå denne staden ser ein mot nord ned på innsjøen Aursjoen. Aursjoen er 7 km lang. Namnet tyder innsjøen der ferskvassfisken aure held til.  Fisk var i eldre tider også betalingsmiddel for skatt til kongen og kyrkja. Aursjoen var av dei vatna som var mest nytta til fiske.  
 
Aursjoen garnfiske - Klikk for stort bileteAursjoen garnfiske Bjarne Skrede Fiske gjekk føre seg med
  • garn (langs strendene her er det funne fleire neversøkke som har vore brukte på garna)
  • lyster ( det er funne ein gamal lystergaffel ved den gamle vegen ned frå austenden av Aursjoen) 
  • sleo plassert i bekker som renn ut i innsjøen, og i elva Aura som renn ned og ut i Ottaelva.
 

Bruken av vatnet  i Aursjoen til vatning

Aursjoen har også vore brukt til uttak av vatnarvatn.  Innsjøen har vore demt til slik bruk.  Gardane i grendene Reppen,og Norda Aura, på båe sider av Aurdalen, nytta vatnet.
 

Kvernbruk. Sagbruk

I elva Aura har vatnet vore nytta til kvernbruk i uminnelege tider. I eit skiftedokument frå å 1434 er kvernbruk nemnt.  Dessutan har det vore oppgangssag ved vassdraget.  Tradisjonen seier at material til Skjåk kyrkja, bygd 1752, vart saga der.
 

Kraftproduksjon. Regulering

Vatnet i Aursjoen har sidan 1920 vore nytta til kraftproduksjon.  Fyrste kraftverket står framleis nede i vassdraget ved Aura.  Aursjoen vart i denne samanhengen demt med ein enkel dam. I 1960-åra vart Aursjoen regulert på ny. Glommens og Laagens Brukseierforening bygde da ein steindam og reguleringshøgda vart 12,5 meter.  Kraftlaget Opplandskraft bygde ut vatnet for kraftproduksjon med tunnel, røyrgate og kraftverk i Nordberg.  Sjå meir under post 9.
 

Vatnet kulturstig-vassveit - Klikk for stort bileteVatnet kulturstig-vassveit Morten Kielland

4.Tilrettelegging av vassveit

 
For å få vatnet til bygds til velsigning for åker og eng måtte dei utnytte terrenget best mogleg.  Den stuttaste vegen var ikkje alltid den lettaste.  For å unngå for mykje graving nivellerte dei terrenget slik at det ser ut som om vatnet renn ”mot bakken”.  Til dette formålet nytta dei ein reidskap som dei kalla vaterpass.  Den mest kjende til å leie slikt arbeid Peder Pedersen Dagsgardsøygard (1782 – 1846). Lokalt kalla ”Vass-Per”.  Han har arbeidt vassvegar både i Skjåk og fleire bygder.  Mange andre var og flinke arbeidsleiarar for slike oppgåver.
 
Studer korleis dei utnytta terreng og materiale for å få vassvegen så funksjonell som mogleg. Ver varsam så han ikkje blir øydelagd, for han er framleis i bruk..
 

Flåtåtjønn - Klikk for stort bileteFlåtåtjønn Morten Kielland

5.Flåtåtjønn

 
Utgangspunktet for mange vatningssystem er ei tjønn som her, Flåtåtjønn.  For å få samla mest mogleg vatn var det vanleg å byggje demningar.  Det vart lagt ned eit stort arbeid i dette dersom dei skjønte at det kunne gje sikrare vatn lenger utover sumaren.  Sjølv om tjønna ligg høgt med lite nedslagsfelt, regnar det lett her.  Fjellet stoppar regnet før det når fram til hovuddalføret.  Ein ser ofte regnbyger inne på høene her, og da seier folk i Skjåk at ”dæ grin i høåm”.
 
Vatnet kulturstig-Flåtåtjønnbue - Klikk for stort bileteVatnet kulturstig-Flåtåtjønnbue Morten Kielland Når det skulle gjerast større arbeid på veita og dammen, var det vanleg å byggje seg eit ”kryp-inn”, ei primitiv hytte, til å overnatte i.
 
Det var gardane Flåten og Jemnheim som fyrst av hadde rett til vatnet frå Flåtåtjønn.  Ei mindre tjønn, Jemnheimstjønna, ligg inne på høgda nordvest for hytta.  Vatnet frå desse to tjønnene vart teke saman i ei veit og så delt att nede i dalen ved gardane.
Ved arv og handel har så vatnet frå her inne skifta eigarar mellom dei som kunne nytte det.  I dag er det gardane Husom og Nordistu’n Kitilstad som har vassrettane herifrå.
 
Området rundt Flåtåtjønn har og vore nytta til reinfangst.  Såleis går det ei grav-rekkje opp på sørsida av vatnet. Framover Bispberget.
 

6.Mosetak

 
Skjåk er ei karrig fjellbygd.  Sjølv om den intense varmen i sommarhalvåret legg grunnlaget for gode avlingar, har fjellet også til tider hatt mykje å seie som forvinne (skaffe til veges krøtterfor).
 
Kvitkrull - Klikk for stort bileteKvitkrull Morten Kielland Mose, lokalt måså, var ein av desse ressursane som vart nytta.  Eigentleg var det ymse former for reinlav som vart nytta, men i Skjåk kalla ein både mose og lav for ”måså”.
 
Måså’n vart teken på plassar der det var mykje av han, slik at ein kunne bruke små river speielt laga for formålet, såkalla måsåriver.  Måså’n vart sanka i periodar om hausten med regn og fukt i lufta.  Når ein hadde sanka han i haugar, hadde ein han opp i måsåformer.  Det var firkanta kasser som vart lette å setje saman og ta frå kvarandre.  Måså’n vart trakka hardt saman i forma, og fuktig som han var fraus han i hop til ein firkanta klump når frostnettene sette inn om hausten.  Da kunne forma fjernast, og ein hadde ein firkanta måsåklump.  Desse blokkene (el.klumpene) vart så frakta til bygds på kjelke eller slede.  Fleire stadnamn er knytta til denne verksemnda, som t.d. ”måsådrågje”.
 
Måså’n vart køyrd heim om vinteren, og nytta til krøtterfor utover vinteren og i vårknipa.
 
Lav vart og nytta til menneskeføde i uår.  Såleis var ein steinlav som kallast fjellnever brukt til mat her i traktene.
 

Vatnet kulturstig-Kittilstadtjønn - Klikk for stort bileteVatnet kulturstig-Kittilstadtjønn Sylfest Lykre

7.Kitilstadtjønn

 
Nede i dalen ligg gardane Nordistu’n Kitilstad og Systu’n Kitilstad.  Desse gardane hadde opprinneleg vassretten frå denne tjønna.  Forbi tjønna var det naturleg at vatnet frå Flåtåtjønn og Jemnheimstjønn måtte gå.  For ikkje å blande dei to vassrettane, vart vatnet til Flåten og Jemnheim lagt i trolag.  Eo tro var ei uthola furustamme brukt til å føre vatnet i.  Ein ser restane etter dette trolaget forbi tjønna.
 
Om våren når snøsmeltinga nede i dalen og oppetter lia er over, kan det bli svært turt på åkrane.  Samstundes ligg det ofte snø her inne og stengjer for vatnet som skal fram i veita.  Spesielt på stader som nedover frå denne tjønna er det ofte vanskeleg å få fram vatnet.  Før var det vanleg å reise til fjells og på dugnad hjelpe vatnet fram.  Var det mykje snø, måtte dei måke vassveita.  Elles brukte dei lange stenger som dei stakk ned i snøen over veita og prøvde å laga far for vatnet på den måten.  
 

8.Vassdele

Vatnet kulturstig-dele ved Skamsar - Klikk for stort bileteVatnet kulturstig-dele ved Skamsar Sylfest Lykre

 
Når fleire gardar skal dele eit vatn, lagar ein eit vassdele.  Det kan varea berre ei veit som blir til to, eller som oftast ein delingsstokk, som er ei meir forseggjort innretning.  Delingstokken kan ha uttak for vatn til mange gardar i eit større system.
 
Delet her er nedover til høgre Nordistu’n Kitilstad og Husom og nedover  til venstre til garden Systu’n Kitilstad.
 

Skjåk1 kraftrørledning - Klikk for stort bileteSkjåk1 kraftrørledning Morten Kielland

9.Kraftproduksjon. Skjåk 1

 
Som nemnt under post 3.  Har vatnet frå Aursjoen vore nytta til kraftproduksjon sidan 1920.  I 1960 byrja ei ny kraftutbygging frå Aursjo.  Aursjoen vart regulert ytterlegare.  Det vart skote tunnel frå nede i lia og under området vi har gått i inn under Aursjoen.  Denne er 1270 meter lang.  Frå tunnelen går det røyrgate ned lia til kraftverket som ligg nede i dalen.  Fallhøgda er 680 meter.
I verket er ein generator på 34 MW.
Dette gjev ein kraftproduksjon på 105 GWh.
Kraftlaget Opplandskraft eig kraftstasjonen Skjåk 1.
 
I dag blir mindre og mindre av dei gamle vassvegane nytta til vatning, og dei gror att.  Det er enklare å bruke t.d. krafta frå Skjåk 1 til å pumpe vatn frå Ottaelva og inn i vatningssystemet på gardane.
 
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 15.10.2014
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering