Nasjonalparkar og verneområder

Tverrådalskyrkja ved Sota i Breheimen - Klikk for stort bileteTverrådalskyrkja ved Sota i Breheimen Morten Kielland

Reinheimen nasjonalpark ligg nord for Skjåk.

Breheimen nasjonalpark ligg sør for Skjåk.

HonnsrøveEinstullie og Risheimsøye.

Reinheimen nasjonalpark - Faktaark

Reinheimen nasjonalpark med seks tilhøyrande landskapsvernområder og eit naturreservat vart oppretta i 2006. Ottadalen landskapsområde ligg i Skjåk. Det var fjelloppsynsmann og forfattar Olaf Heitkøtter som fekk æra av å namnsette området da han brukte namnet i ei bok han skreiv på 70-tallet.

Nasjonalparken og landskapsvernområda omfatter eit stort, samanhengande og villmarksprega fjellområde som er leveområde til villreinstamma i Ottadalen nord. Villreinstamma er ei av dei mest produktive i landet.

Nøkkelartar i økosystemet utover villrein, er jerv, kongeørn, jaktfalk og rype. Det er registrert over 155 hekkande fugleartar. I tillegg har området eit rikt mangfald av kulturminne og kulturlandskap, fangstanlegg, rike gravfunn, setrer og setermiljøer.

Verneområdet dekker eit areal på 2615 km2 i Lesja, Skjåk, Lom, Vågå, Norddal, Rauma. Skjåk Allmenning eig 21 % av verneområdet.

Breheimen nasjonalpark - Faktaark

Breheimen nasjonalpark med fem tilhøyrande landskapsvernområder og eit naturreservat vart oppretta i 2009 som nasjonalpark nr. 32 i Norge. Mysubytta og Strynefjellet landskapsvernområde ligg i Skjåk.

Brear, tindar, høgfjellsvidder, vassdrag med frittrennande elver og fossar, den spesielle fjellvegetasjonen, frodige dalar med innslag av edellauvskog og levande kulturlandskap med seterdrift, gjør området unikt i nasjonal samanheng.

Informasjon om parken får du frå Skjåk Almenning i Bismo, Norsk Fjellmuseum i Lom, Breheimsenteret i Jostedalen, Bremuseet i Fjærland og Nasjonalparksenteret i Oppstryn.

Verneområdet dekker eit areal på 1691 km2 i Lom, Skjåk og Luster. Skjåk Allmenning eig 54 % av verneområdet. 

Einstulen naturreservat - Faktaark

Einstulen er eit skogsområde på 770 da som ligg nordvest i Skjåk, på austsida av Rv.15, og sør for Billingen og samløpet mellom Tora og Føysa. Reservatet tek vare på eit område med gamal urskogprega furuskog med førekomst av fleire sjeldne og sårbare sopp- og lavartar, bl.a. gode bestand av ulvelav.  
 

Honnrøve naturreservat - Faktaark

Honnrøve er eit skogsområde på 16 506 da som ligg mellom Pollfoss og Nysetra i Skjåk. Dette er eit unikt og nesten urørt skogområde  med gamal kraggfuruskog og mykje ulvelav på levande trær og daud ved. 
 

Risheimsøye naturreservat - Faktaark

Risheimøyi er ein del av Skim. Skim ligg i Ottaelva på grensa mellom Lom og Skjåk kommunar. Naturreservatet er eit samansett gruntvass-område med øyer, strandenger og næringsrike elvesumper og laguner. 
 
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 06.12.2013
Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering