Natur og friluftsliv

Fiske i Tundradalen - Klikk for stort bileteFiske i Tundradalen Steffen Kjønnås

Vi har gode høve for friluftsliv, jakt og fiske i våre nasjonalparkar Breheimen og Reinheimen og elles i bygda.   

På tur i Skjåk

Vi har 260 km med lokalt merka stig og 16 DNT-ruter. Det er alt frå korte turar i bygda til toppturar til Tverrådalskyrkja, 2088moh. Du finn fotturar på iskjåk.no og i heftet "På tur i Skjåk".

Skitur

Vi har over 60 km oppkøyrde langrennsløyper i skogen og på fjellet. Dersom du liker deg best utanfor løypene, har vi store fjellvidder og  ei mengde fjell. Dei mest kjende toppane er Skridulaupen og Tverrådalskyrkja. Mange nyttar høvet til vårskiløping og toppturar på nedoverski heilt ut i mai. Du finn skiturar på iskjåk.no

På fisketur i Skjåk

Breheimen og Reinheimen kan by på fine fisketurar. Grotli, Sota, Tundradalen og Lundadalen er inngangsportar til Breheimen. Billingen og Aursjoen er inngangsportar til fine fisketurar i Reinheimen. Det er grov fisk i høgtliggande vatn i Reinheimen, særleg i grenseområda mellom Skjåk og Lesja. Oversikt over turar finn du i heftet "På fisketur i Skjåk".

Skjåk Almenning driv fiskekultivering. Det er tydelege og ofte merka stigar inn til vatna. Skjåk Almenning og DNT har hytter i fjellet.
 

Jakt

Det er gode moglegheiter for jakt og fiske i Skjåk. Skjåk Almenning er Norges største private tilbydar av villreinjakt  Kvart år vert det tildelt rundt 400 dyr, og om lag 2/3 av jaktkorta går til utanbygds jegerar!

Skjåk Almenning tilbyr også småviltjakt. Om lag 94 % av arealet ligg over skoggrensa, og over 70 % av arealet ligg over 1200 moh. I dei fleste områda er det bra med fjellrype, medan lirypebestanden svingar meir frå år til år. 

På Kulturminnetur i Skjåk

Reinheimen er villreinen sitt rike. Det er mange kulturminne knytt til den gamle reinsfangsten.  I heftet "På kulturminnetur i Skjåk" finn du også mange kulturminner frå bygda og Breheimen.
 

Badeliv i Bångråttjønn - Klikk for stort bileteBadeliv i Bångråttjønn

Badeplassar

Til tross for at Skjåk er ei fjellbygd kan du finne fine badeplassar her. Bångråttjønn ligg ved Rv.15 i Nordberg 8,1 km vest for Bismo. Dette er eit lite badevatn som blir varmt på sumaren.
Dønfoss Camping ligg ved Dønfossbrua og Rv.15, 10,4 km vest for Bismo. Her har dei oppvarma basseng som både campinggjestene og andre kan nytte.
 
 
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 05.02.2015
 
61 21 70 00
 
Send epost
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering