Jakt og fiske

Jakt på rein - Klikk for stort bileteJakt på rein Bjørn Dalen

Vi har tjukt med jakthistorier og minst like mange gode fiskehistorier. Jakt og fiske er vanleg aktivitet for folk i Skjåk.

Jakt

Visste du at Skjåk har jakt på alle hjortedyr? Her må rundt 400 rein bøte med livet kvar jaktsesong. Folk kjem langvegsfrå for å oppleve jaktområda i Breheimen og Reinheimen. Dei er unike!  Rypejakt, reinsdyrjakt, rådyrjakt, harejakt, elgjakt og jakt på rovdyr. Tar du jegerprøva er moglegheitene uendelege.
 
Og ja, du kan også gå på tur og ofte møte dyra. Driv du med fotojakt, kan du ta med deg apparatet på fjelltur etter jakta i september og få mange blinkskot.
 

Fiske

Ottaelva er ei god sportsfiskeelv. Elva renn gjennom bygda og kan gi deg aure til middag heile sommarsesongen. 
Skjåk Almenning har over 200 fiskevatn du kan kjøpe fiskekort til. Du finner lett fram til fjellvatna som kan gi deg storfisken.

 

Skjåk Almenning

Skjåk Almenning har dei siste åra hatt eit større fokus retta mot utmarksressursar som sal av jakt, fiske og hytter. Skjåk Almenning er den tørste private eigedomen i landet og  utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune. Det er aure i fjellvatna. I Ottavassdraget er det også harr i nedre del.
Sauhytta i Lundadalen - Klikk for stort bileteSauhytta i Lundadalen Morten Kielland
 
 
 
 
 
 
 
Skjåk har lange tradisjonar for fiskekultivering, og det er sett ut aure i dei fleste vatn opp til 1650 moh. Skjåk Almenning har 13 enkle buer i fjellet, og 3 hytter i dalane nær vassdrag og bilveg. Dei fleste buene er av nyare dato, og med enkel standard. Desse er fine turmål for deg som likar å gå i fjellet. 
 

 

Publisert av Skjåk kommune. Sist endra 24.08.2016
Artikkel (2)
FAQ (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering