Barnevern

Jente i eng Dønfoss naturbarnehage - Klikk for stort bilete

 

Barneverntenesta skal vera ein garanti for at alle barn og unge er sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Barnevernet har som sin spesielle oppgave å ta vare på dei mest utsette barna. Det skal beskytte barn mot omssorgssvikt og motvirke at barn lid fysisk og psykisk overlast.

Melding til barnevernet 

Mange barnevernsaker startar med at foreldra sjølve tek kontakt. Men barneverntenesta får også mange hendvendingar frå offentlege tenestemenn, naboar, familie og andre som er bekymra for barnet.

Privatpersoner kan melde saker anonymt til barnevernet. Det vil seie at dei varslar barnevernet om at dei er bekymra for eit barn, men at dei ynskjer at deira identitet vert halden hemmeleg for den familien det gjeld. Barnevernet kan gje anonymitet, men det kan ikkje frita folk for vitneplikt dersom saka skal handsamast i fylkesnemda eller i domstolane. 

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikt, gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at barnet lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling.

Familien det gjeld vert varsla om at barneverntenesta arbeider med saka, og dersom det er mogleg freistar ein å få i stand eit samarbeid.

Barneverntenesta i Skjåk

  • Beate Stø / Leiar - Telefon: 400 36 570
  • Mona Lena Tundrali / Barnevernkonsulent -  Telefon: 415 42 791
  • Yvonne Tuv / Barnevernkonsulent - Telefon: 912 40 625
  • Grethe Fjeldberg  -  Telefon: 910 08 072

Skjema: "Bekymringsmelding til barnevernet". Sjå lenke her (PDF, 17 kB)

 

Kontakt pr e-post

 

Postadresse:

Lom og Skjåk Barnevernteneste, Moavegen 30, 2690 Skjåk

Publisert av Skjåk kommune. Sist endra 19.12.2016
 
61 21 70 00
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering