Psykisk helse

Tenesta

Psykisk helseteneste   i Lom og Skjåk er  ei lågterskelteneste  . Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. I Lom  har vi  kontor på Gamle Loar.  I Skjåk disponerer  vi kontor  på Skjåkheimen .
Tenesta har 4 tilsette i til saman 3.15 stillingar.  Arbeidstid kvardagar mellom 8-15.30

Målgruppe

Målgruppe er alle frå ungdomsskulealder og oppover som bur eller oppheld seg i Lom eller Skjåk.
Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller   samansette helsevanskar  som gjer at du har vanskar med å fungere godt  i det daglege, både på arbeid og heime.
Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at du treng nokon å snakke med ang din situasjon, hjelp til å sortere , nyorientering. 
Vi kan også yte teneste til  ungdom,  frå ungdomsskulealder og oppover som  kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konflikter  eller anna som grip om seg i kvardagen. 

Korleis du får kontakt med oss

Du kan sjølv ta kontakt med tenesta via telefon eller epost til leiar Håvard Å Svestad.
Fastlege kan henvise  eller du kan få hjelp av andre  til å ta kontakt. 

Dette  skjer etter at du har teke kontakt med tenesta

Så snart vi kan,  og seinast innan 3 veker,  vil du få ein kontaktperson . Vi kan tilby snarlegare avtale dersom det er bruk for det.  Du får tilbod om 2-3 kartleggingssamtalar , vi gjer ei helheitleg kartlegging med fokus på psykisk helse.   Du vil også få ei informasjonsbrosjyre. 
Dersom du og kontaktperson  etter kartleggingssamtaler meiner at psykisk helseteneste kan bidra i endringsarbeidet ditt , vil kontaktperson drøfte din situasjon /di sak  i tenesta. Det vil  i samråd med deg bli utarbeidd ein enkel behandlingsplan med mål om kva du ynskjer å endre, korleis dykk skal arbeide og tidsperspektiv/evaluering. 
Dersom du har behov for fleire tenester, til dømes frå Nav, fysioterapeut, heimesjukepleie  eller andre, rår vi til å opprette ei ansvarsgruppe med ein koordinator. Dette for å sikre at tenestene dine vert  samordna . 

Metodar /arbeidsmåtar

Det er du sjølv som er  den viktigaste aktøren i  endringsarbeid for å fungere betre i kvardagen.  Brukarperspektivet legg til grunn at førebygging, kartlegging og behandling skal ta utgangspunkt i brukarens kunnskap, ynskjer og mål. 
Pårørande og nettverk  er også ein ressurs både for deg og dei ulike helsetenestene. 

 

Dei tilsette i psykisk helsearbeid i Lom og Skjåk 

Håvard Åmot Svestad   er fagleg og administrativ leiar, arbeider kvar dag og har tlf 48 14 90 62
Aud Kroken arbeider kvar dag og har tlf 48 02 72 61
Torill Jonsson  arbeider måndag, tysdag, onsdag og torsdag og har tlf 95 98 25 96
Kari Ramen arbeider måndag og onsdag og har tlf 40 03 10 89
 

Serviceerklæring

  • Du vil få ein fast kontaktperson. Du vil få melding dersom det blir endring i avtalt tid for hjelp.
  • Saksbehandlingstid: Vi tek kontakt med deg for avtale innan ei veke etter at meldinga er komen.
  • Kartlegging vil skje innan 2 veker.
  • Vi forventar at du gjev melding dersom du ikkje kan kome til avtalt tid.
  • Vi forventar at du er ein aktiv deltakar. Vi ynskjer også gjerne at du gjev både positiv og negativ attendemelding på korleis du opplever tenesta.
  • Vi forventar at du viser forståing dersom kontaktpersonen din må prioritere krise/akutte hendingar.
Publisert av Skjåk kommune. Sist endra 08.03.2017
 
481 49 062
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering