Jordmor

birth.jpg - Klikk for stort bilete

 

Jordmor har spesialkompetanse på det normale svangerskap, fødsel og barseltid. Med utgangspunkt i at det å bli gravid og foreldre er noko av det mest naturlege, men samstundes livsomveltande som skjer er målet å møte den gravide akkurat der ho er. Vidare skal mor og partner fylgjast opp på ein så skånsom og normal måte som mogleg til barnet er født. Der ein ser at den gravide har behov for anna kompetanse, skal jordmor vera ein koordinator for å samordne dette. 

Jordmor samarbeider tverrfagleg både med helsesyster, lege og fysioterapi i primærhelsetenesta, med jordmorkollegaer regionalt og med gynekologar og jordmødre i spesialisthelsetenesta. Jordmor kan og vera ein viktig støttespelar når det kjem til prevensjonsveiledning og familieplanlegging

Med bakgrunn i vakter ved LMS Otta vil kontordagar variere frå veke til veke.

Målgruppe:

  • Den gravide med partner
  • Kvinner frå 16 år og oppover

Kommunejordmortenesta omfattar:

  • Førebuing til foreldrerolle, fødsel, barseltid, og amming.
  • Regelmessige svangerskapskontrollar og tettare oppfylgjing ved behov.
  • Henvisning til ultralyd og svangerskapspoliklinikken ved behov
  • Etterkontrollar og postpartumsamtaler
  • Heimebesøk ammeveiledning
  • Prevensjonsveiledning og familieplanlegging

Jordmor i Skjåk er og ein del av det regionale vaktsamarbeidet av jordmorvakt på Otta, der ein fysisk held til i 2. etasje på NGLMS. Ordninga er døgnkontinuerleg

Jordmorvakta omfattar

  • Kontroll av mor som er bekymra for eiga helse eller barnet sitt, og henvisning til gynekolog der det er nødvendig.
  • Vurdering av om fødsel er i gang
  • Fylgjeteneste av fødande til planlagt fødeplass
  • Bistå barselkvinna og hennar familie i møte med aktuelle utfordringar knytt til tilstand og situasjon.

Jordmorvakt LMS Otta

  • Tlf: 941 59 061

Publisert av Skjåk kommune. Ansvarleg Gudveig Lilleengen. Sist endra 13.09.2016
Jordmor
 
916 94 978
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering