Innbyggjarrettar

Pass - Klikk for stort bilete

Om innsynsrett, likestilling, pass, universell utforming og verjemål.

Innsynsrett

Rett til innsyn og informasjon om eigne personopplysninger for å ivareta eige personvern. Du kan krevje at urette eller ikkje naudsynte opplysninger skal slettast.

Likestilling

Alle skal ha krav på å få same høve til å utvikle seg, utnytte sine evner og leve sine liv, uavhengig av kjønn, sosialt grunnlag, religion, seksuell orientering, funksjonshemming eller etniske tilhøyre.

Pass

Norsk pass er einaste gyldige legitimasjon for norske borgarar. For å reise utanfor Norden må du ha med gyldig norsk pass, også på reiser til land som er med i Schengen-samarbeidet. Nokre flyselskap krev gyldig pass også på reiser innafor Norden. I Schengen-området må passet som hovudregel vere gyldig 3 månader etter du kjem heim.

Universell utforming

Utforming av bygg, produkt og områder utført på ein slik måte at alle, så langt det er mogeleg, kan nytte dei utan tilpasing. Det er eit mål at bygg, produkt og områder tek omsyn til menneskelege variasjonar, alder som funksjonsevne.

Verjemål

Plikt, tilsyn og mynde som ein verge har til å handle på vegne av ein person som er mindreårig eller utan mynde.

Den 1. juli 2013 fekk vi ny verjemålslov. Dei kommunale overformynderiene er nedlagde, og Fylkesmannen har teke over oppgåver og ansvar. Informasjon om verjemålslova finn du på «Vergemålsportalen»

Publisert av Morten Kielland. Sist endra 22.01.2014
 
61 21 70 00
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering