Personopplysningar

Topp 10 fornamn - Klikk for stort bilete

Folkeregisteret har nøkkelopplysningar om alle personar som er eller har vore busett i Noreg. Personsikkerheit er eit viktig tema.

D-nummer

D-nummer er eit identifikasjonsnummer som vert tildelt personar som ikkje står i Folkeregisteret. Det vert nytta som identifikasjon på lik line med fødselsnummer.

Flyttemelding

Når du flyttar pliktar du å gje melding til Folkeregisteret og Posten i innflyttingskommunen innan åtte dagar frå flyttinga fann stad. 

Fødselsattest

Attest frå Folkeregisteret, som syner når og kor du er fødd og namnet på foreldrane. 

MinID

MinID er eit elektronisk identitetsbevis som nyttast  til å legitimere deg. MinID kan du - som med andre legitimasjonsdokument, som pass og førarkort - bruke i jobbsamanheng og privat. Du kan levere sjølvmeldinga, få tilgang til Nav.no, søke lån og stipend i Lånekassen, og til ei rekkje andre offentlege tenester.

Personnamn

Melding om å ta, endre eller sløyfe namn skal sendast til Folkeregisteret. Alle skal ha fornamn og eit enkelt eller dobbelt etternamn. I tillegg kan ein ha mellomnamn. Fyrste  namneval må skje før barnet fyller seks månader.

Personvern

Personopplysningsloven gjev deg rett til å få opplysningar om seg sjølv. Det er ikkje høve til å bruke informasjon om den einskilde utan at det vert gjeve samtykke. Verksemder skal sikre opplysningane. Skjåk kommune har eigne rutinar for personsikkerheit i Regiondata sikkerheitssystem. 

Politiattest

Ein politiattest har opplysningar om dine oppføringar i politiregistra. Det vert krevd politiattest i fleire yrker og verv i frivillige organisasjonar som til dømes Skjåk Idrettslag.

Publisert av Morten Kielland. Sist endra 26.11.2013
 
61 21 70 00
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering