Vaksenopplæring

Vaksenopplæringa i Skjåk er lagt under Oppvekst og utdanning sitt ansvarsområde.
 

 

Opplæringslova gjev vaksne rett til spesialundervisning på etter sakkyndig utredning og tilråding. Denne retten omfatter personar med mangelfull fyrstegongsopplæring, samt personar over 20 år, som etter skade eller sykdom får behov for ny opplæring etter tap av evner, ferdigheiter eller kunnskaper. 

Norskopplæring

Det er både rett og plikt til å delta i 550 timar norsk og 50 timar samfunnsfag for personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve.

Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.

Pris 

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2700 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 600 timane. Arbeidsinnvandrarar kan måtte betale for undervisninga.
Publisert av Morten Kielland. Sist endra 05.02.2015
 
61 21 70 00
 
Send epost
Eksterne lenker
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering