Næring

Bismo  - Klikk for stort bileteBismo

Kontakt næringskontoret for næringsutvikling . 

Næringsarbeid

Vi arbeidar for tilrettelegging for næringslivet og har landbruksfagleg og bedriftsøkonomsk kompetanse på næringsavdelinga. Vi kan kople deg mot rette miljø for utvikling av bedrifta og hjelpe til med skriving av søknadar for finansiering.

  • Bedriftsutvikling og etablering
  • Søknader til næringsfondet i Skjåk kommune
  • Rådgjeving, informasjon og oppmuntring av etablerarar og næringsdrivande
  • Samfunnsutvikling og omdømmebygging for å gjere Skjåk meir attraktiv for næringsetablering og busetting. 

Verkemiddel

  • Rådgjeving og oppmuntring av nytt og eksisterande næringsliv. Næringskontoret har ansvaret for kontakt med alt næringsliv i bygda og mot nyskapande miljø som kan bidra til næringsutvikling og bulyst.
  • Vårt nettverk i kommunen, mot næringslivet i Skjåk og instanser utanfor kommunen.
  • Vi er saksbehandlar for Skjåk Næringsfond. Det kan vere aktuelt for deg å ta kontakt med oss før du sender søknad om tilskott. 
Næringsareal 2014 Kontakt næringskontoret for detaljar.
Næringsareal 2014
StadEigarAreal
Bismo: sørvest for SignegardenSkjåk kommune37 daa
Bismo: aust for Skjåk SnekkeriSkjåk kommune7 daa
Bismo: vest for StyvoPrivat5 daa
Nordberg: FeloddenSkjåk almenning 20 daa
Aurmo industriområdeSkjåk kommune12 daa
Aurmo ned mot OttaelvaSkjåk kommune20 daa
LundagrendePrivat174 daa

Vårt nettverk 

Vi har jamleg kontakt med forskings- og utviklingsmiljø som
  • Høgskulen på Lillehammer
  • Universitetet for miljø- og biovitenskap (tidlegare landbrukshøgskulen på Ås)
  • Distriktssenteret 

Kva kan vi hjelpe deg med?

Næringskontoret kan vere til hjelp gjennom kontaktnettet og eigen kompetanse:
  • oppstart og utvikling av bedrifta
  • rekruttering av tilsette
  • forretningsplan
  • kontakt mot  Innovasjon Norge og andre

Utviklingsprogram 

Mange utviklingsprogram og opplæringstiltak står til disposisjon for næringslivet som etableraropplæring, FRAM-program, skattefunn med meir. For tida pågår eit 3-årig program i regi av Innovasjon Norge som heiter «Bedriftene i Fokus». Her kan bedrifter som ønsker vidareutvikling få god hjelp til ein rimeleg penge. Skjåk har bedrifter som er med i dette programmet.
 

Bedrifter i Skjåk med heimeside

Publisert av Elling Starrem. Sist endra 04.11.2015
Næringssjef
 
61 21 70 00
 
907 48 377
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering