Naturforvaltning

Villrein Breheimen (4) - Klikk for stort bilete

Foto: Breheimen

I Skjåk har vi desse verneområda:

  • Breheimen nasjonalpark
  • Reinheimen nasjonalpark
  • Honnsrøve naturreservat
  • Einstullie naturreservat
  • Risheimsøye naturreservat

Du kan sjå dei områda som er verna på kartet. I tillegg har vi store områder som randsoner til verneområder. 

I dag er det fylkeskommunen og fylkesmann som har det meste av ansvar og mynde med forvaltning av utmarka i Skjåk. På nokre områder driv kommunen forvaltning, ofte i tett samarbeid med fylkeskommunen og fylkesmann. Kommunenes Sentralforbund skriv om lokal forvaltning av utmarka.

Regjeringserklæringa

Brukarane skal oppleve ei monaleg enklare forvaltning og saksbehandling. Kommunane skal få større ansvar og mynde innan utmarksforvaltninga.

Faggruppe

Det vart satt ned ei faggruppe med mandat å foreslå tiltak for å gjera utmarksforvaltninga enklare. Faggruppa la fram sin sluttrapport 3. desember 2014.  Regjeringa har sendt rapporten ut på høyring med frist for innspel 27. februar 2015.

Kommunale oppgåver

Faggruppa meiner at kommunane skal forvalte verneområder:

  • Kommunane bør få ansvar for forvaltning av verneområder når heile området ligg innanfor kommunen. 
  • Kommunane skal handsame alle unntak og dispensasjonar i verneforskrifta. 
  • Omsyn til naturbasert næringsutvikling bør i større grad integrerast i forvaltningsplanar.
  • Brukarane skal berre ha ei dør inn til utmarksforvaltninga ved at kommunane skal koordinere alle dei andre forvaltningseiningane.
  • Villreinnemnder og verneområdestyrer slås saman til eit utmarksstyre for å få ein meir samordna forvaltning.
  • Det bør bli utarbeidd ein samla IKT-løysing for søknader og spørsmål iht utmarksforvaltning.

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Telefon 61 21 70 00