Naturforvaltning

Forbergtjonndammen er eit kulturminne i bruk - Klikk for stort bileteForbergtjonndammen er eit kulturminne i bruk Morten Kielland

Skjåk kommune er ein viktig aktør i forvaltninga av naturen i Skjåk. Ved utøving av offentleg myndigheit skal det alltid gjerast vurderingar etter naturmangfoldlova iht kva verknad det har på naturen. Kommuneplanen gir viktige føringar for korleis landskapsutviklinga kan gå føre seg i Skjåk.

Vi har 2 nasjonalparkar og 3 naturreservat i Skjåk.

For å kunne forvalte naturen på ein bra måte er ein avhengig av god oversikt over naturtyper, artar og samspelet mellom desse. I Skjåk har vi samla inn mykje kunnskap om naturen gjennom kartlegging. Mange av desse opplysningane er samla på kart. Desse kan ein sjå i mellom anna naturbasa og artskart.

Vi har to store verneområde i Skjåk, Reinheimen nasjonalpark i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. Desse blir forvalta av kvart sitt verneområdestyre. Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for skjøtsel og oppsyn i nasjonalparkane.

SNO Skjåk er lokalisert hos Skjåk Utmarkssenter v/ Skjåk Almenning. 

Skjåk Almenning dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. Grunneigarane forvaltar haustbare artar innanfor dei rammene som staten har gjeve. 

Viltloven regulerer mykje av viltforvaltninga i Noreg.  Kommunen v/«utval for vilt og fisk»  er tildelt ein del oppgåver, mellom anna tildeling av fellingsløyver på elg, hjort og rådyr.

Publisert av Inga Gudrun Hyrve. Sist endra 05.02.2015
 
61 21 70 00
 
Send epost
Politikk (1)
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering