Avfallshandtering i Skjåk

Miljøstasjon i Skjåk 1 - Klikk for stort bilete

Miljøstasjon i Skjåk

Gjenvinnbart avfall bør sorterast ut og leverast til gjenvinning. Dersom du sorterer ut alt gjenvinnbart avfall, får du mindre restavfall og kan kanskje klare deg med eit minsteabonnement på 24 sekkar pr. år.  Farleg avfall skal sorterast ut, og ikkje leverast i restavfallet. 

NGR

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap er eit interkommunalt renovasjonsselskap for mellom anna Skjåk.

Hentekalender for Lom og Skjåk

Restavfallet blir henta kvar veke om sommaren, og annakvar veke om vinteren. Papir og papp blir henta 4 gongar pr. år. Sjå eksterne lenker for meir informasjon.

Prisar 2016

Det er 3 gebyrgrupper, basert på antal restavfallssekkar som blir utlevert. Sjå priser nederst.

Hytterenovasjon i Skjåk kommune

Kommunen har utplassert containere for restavfall, samt returpunkt for glas-og metallemballasje som også hytteeigarane kan bruke. I tillegg skal  miljøstasjonane brukast for grovavfall og farleg avfall. 

Prisliste
Renovasjon Mengde Beløp Noter
Husstand 48 sekker 2 670
Husstand 36 sekker 2 190
Husstand 24 sekker 1 950
Hytter og fritidshus Gruppe 1 300 1)
Hytter og fritidshus Gruppe 2 600 1)
Hytter og fritidshus Gruppe 3 800 1) 2)
Kjøp av rull med 12 sekker 375
Tillegg for henteavstand 10-20 m 300
Tillegg for henteavstand 20-30 m 500

 

Noter

1) Definisjon av gruppene framgår av skriv frå NGR av 30.04.2010. 2) Hytter i Grotli fritidsboligområde og Billingen hyttegrend > 50 m2 blir rekna i gruppa 3.

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Telefon 61 21 70 00