Økonomiske ytingar

NAV - Klikk for stort bilete

 

Kommunen og NAV Lom og Skjåk kan gje økonomiske ytingar.Kommunen kan gje omsorgsløn, og handsamar søknader om bustønad til Husbanken.

Økonomisk sosialhjelp og rådgjeving

Økonomisk sosialhjelp skal sikre at alle har tilstrekkeleg med midlar til livsopphald, slik at den som ikkje sjølv kan syta for sitt livsopphald har eit minimum av økonomisk tryggleik. Økonomisk sosialhjelp kan i tillegg ytast til personar som treng det for å koma over eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon.
 

Kva omfattar tenesta?

  • Ei kartlegging av økonomi og livssituasjon som er viktig for saka.
  • Utbetaling av økonomisk stønad - overført til deg eller kreditor. Hjelpa vert vanlegvis gjeve som bidrag, men kan gjevast som lån dersom det er venta at du innan ei viss tid vil koma i ein betre økonomisk situasjon. 
  • Råd og rettleiing om korleis du kan koma deg ut av den vanskelege livssituasjonen. Sjå meir på nav.no
  • Hjelp til å ta kontakt med andre som kan hjelpa deg, dersom du treng det.
 

Dokumentasjon

Det er krav om at du dokumenterer inntekter, utgifter og eventuell formue og gjeld og anna som sosialkontoret finn nødvendig for saksbehandlinga. Det kan stillast vilkår for utbetaling av sosialhjelp. Vilkåret skal ha nær samanheng med det saka gjeld, td at du må melda deg arbeidsledig hjå Nav dersom du er utan arbeid, eller forhandle med bank om å få utsett betaling på lån dersom dette er medverkande årsak til problema.
 

Skriftleg søknad

Søknaden må vera skriftleg eller du kan ta kontakt med sosialkontoret og be om timeavtale for samtale med saksbehandlar. Søknad skal sendast til NAV-kontoret.
Saksbehandlingstid
Saksbehandlingstida er opp til 4 veker. Dersom NAV-kontoret får forståing for at det hastar, kan saka vurderast same dag. Når søknaden er behandla vil du få skriftleg melding om vedtaket. Er søknaden innvilga, vil beløpet bli utbetalt etter avtale med deg.
 

Kontakt

 

Rett til å klage

Klagefrist er 3 veker frå du mottek vedtaket. Klaga må vera skriftleg og skal sendast NAV-kontoret, som og vil gje råd og rettleiing. Klageinstans er fylkesmannen i Oppland.
 
Lovgrunnlag: Lov om sosiale tenester i NAV 
 
Publisert av Skjåk kommune. Sist endra 26.09.2016
 
61 21 70 00
 
Send epost
Organisering (1)
Artikkel (1)
Eksterne lenker
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering