Transporttenester

Transporttenesta for funksjonshemma er eit tilbod til funksjonshemma som har vanskar med å nytte seg av kollektive transportmiddel. Størstedelen av transporten vert utført av ordinære drosjer.

Parkeringsløyve gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon. 

Søknad

Transporttenesta

TT-brukarar som har fått innvilga ordninga, vil få tilsendt nye billettar ein gong i året. Nye søknader vil bli behandla 4 gonger i året.

Godkjente brukarar får tilsendt reisekupongar som skal brukast som betalingsmiddel i drosja. TT-brukarane kan sjølve bestemme om dei vil betale ein eigenandel av kva turen kostar, og på denne måten ha lengre av reisekupongane.For å bli godkjent som brukar, må du ha ei varig fysisk eller psykisk funksjonshemming som gjer at du ikkje, eller med store vanskar, kan nytte buss.

Følgande forflyttningshemma kan gje grunnlag for godkjenning, når andre forutsetningar er oppfylt:

  • Blinde og sterkt svaksynte.
  • Personar som er heilt avhengige av rullestol.
  • Andre sterkt forflytningshemma brukarar, etter særleg vurdering.

Dette er ikkje grunnlag for godkjenning

  • Mangel på kollektivtilbod på heimstaden
  • Naturleg alderdomssvekking
  • Tidbegrensa forlytningshemming
  • TT-orning er ivdividuell og kan ikkje tildelas institusjon
  • Personar som har tilgang til eigen bil
  • Personar under 10 år

Parkeringsløyve

Førar eller passasjer av motorvogn som har særleg behov for parkeringsløyve i samband med bustad, arbeid eller anna aktivitet fordi vedkomande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko avstand, kan søkje om parkeringsløyve for forflytningshemma. 

Publisert av Inga Gudrun Hyrve. Sist endra 05.02.2015
 
90562291(avd.Lom)
 
94848724(avd.Skjåk)
 
Send epost
 
  • TelefonBilde 61 21 70 00
  • PostboksBilde
  • PostboksBilde Moavegen 30, 2690 Skjåk
  • Org.nr: 961 381 096
  • Åpningstid: 08:00-15:30
Login for redigering
Login for redigering