Vatn og avløp

Vatn og avløp 1 - Klikk for stort bilete

Det er kommunale vassverk i Bismo, Aurmo, Dønfoss/Øyberget, Uppnose, Nordberg skule, Marlo skule, Grotli og Billingen hyttefelt.

Kommunen har renseanlegg med avløpsnett i Bismo, Aurmo og Dønfoss, Grotli og Billingen hyttefelt. Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga og det er tilsett eigne driftsoperatørar. Teknisk vakt har ansvar for å oppretthalde normal drift av vatn- og avløpsanlegga utanom ordinær arbeidstid. 

Feilretting

Trykket på vassnettet ved bygningar er 2-7 kg. For lågt eller høgt trykk i fleire hus nær kvarandre, kan skuldast feil på kommunen sitt vassnett.

  • Svikt i vasstilførsel som skuldast brot, skal normalt rettast innan 15 timar. Ved langvarig brot vil kommunen hjelpe til med provisorisk forsyning.
  • Feil i trykkforhold som skuldast feil på teknisk utstyr, skal normalt rettast innan 7 dagar.
  • Brot på kloakkledning skal rettast innan 1-2 dager avhengig av skadeomfanget.

Vassprøver

Kommunen sender inn vassprøver frå vassverka sine til analyse i laboratorium ein gong i månaden. Prøver frå private vasskjelder kan sendast inn saman med desse. Prøveflasker får du ved å henvende deg i servicetorget på kommunehuset.

Tømmerutinar

  • Slamavskiljarar frå bustadhus blir avvatna anna kvart år. Gebyret blir fordelt over 2 år og fakturert eigar over 8 terminar.
  • Slamavskiljarar frå fritidsbustadar blir tømt tredje kvart år. Gebyret blir fordelt over 3 år og fakturert eigar over 3 terminar. 
  • For tette tankar på bustadhus og fritidsbustadar er det krav om tømming kvart år og fakturert eigar over 4 terminar.
  • Tømming utanom oppsett køyreplan blir fakturert etterskotsvis etter oppgåve frå renovatør.
  • Slamavskiljarar som ikkje fungerar blir fakturert som tette tankar. Innhald frå tette tankar blir levert Bismo reinseanlegg. 
  • Slambehandling frå bedrifter blir fakturert etter faktiske kostnadar pluss påslag på 5% for å dekke administrasjonskostnadar. 
Kloakkavgift
kloakkavgift Mengde Beløp
Kloakkavgift for abonnentar tilkopla kommunale reinseanlegg kr/m3 29
For bustad eller fritidsbustad med stipulert forbruk på 200 m3 kr/år 5804
Minstesats kloakk for dei som nyttar vassmålarar kr/år 4218
Septikkavgifter
Septikkavgift Mengde Beløp
Tømming utanom køyreplan 0-4 m3 4138
Tømming overskridande volum pr.m3 646
Tømming slamavskillar fritidsbustad inntil 4 m3 2835
Tømming slamavskiljar og tett tank, bolig inntil 5 m3 2835
Tømming tett tank i fritidsbustad inntil 3 m3 2014
Tømming utanom køyreplan 0-4 m3 4138
Vassavgift
Vassavgift Mengde Beløp
Vassavgift frå kommunale vassverk kr/m3 13,5
For bustad eller fritidsbustad med stipulert forbruk på 200 m3 kr/år 2700
Minstesats for vassmålarar kr/år 1445
Vassmålaravgift kr/år 333
Straffegebyr pr.tilfelle 1000

 

Kontakt

Ove John Plassen
Leiar Teknisk drift
Telefon 61 21 70 00
Mobil 474 52 125
Ole Kristian Kjosbakken
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 61 21 70 00
Mobil 970 00 108
Vakttelefon vatn og avløp
Mobil 909 77 628
  • Teknisk vakt har ansvar for å oppretthalde normal drift av vatn- og avløpsanlegga utanom ordinær arbeidstid.