-
Dato
-
Tirsdag 18. november 2025
Frid:
Har du nokon gong ridd på ein daud elg som brasar gjennom tett granskog så kvistane slår deg i andletet, spindelvevet klistrar seg til armane dine og vinden bles håret ditt rett ut? Nei? Tenkte meg det.
Eg er Frid i skogen den grøne, Frid fri som fugl.
Namnet mitt betyr fager, vakker eller fred. Men eg er ikkje fager, eg er fæl. Eg er ikkje fred heller, eg er ufred, bråk og leven. Vil de likevel vere med meg på ei reise? Kom, da. Kom. Kom!
“Frid i skogen den grøne” er eit eventyr skrive av den kritikarroste forfattaren Sigmund Løvåsen og handlar om å reise eller flykte bort frå seg sjølv i søking etter noko anna enn det ein kjenner, på leit etter fellesskap og venskap.
Margit Myhr – skodespel, song og dans.
Helga Myhr – komponist og musiker.
Arrangementet er eit samarbeid med Jakupscena