Besøk av kronprinsparet

onsdag 18. september 2019, 11:00 - 13:15

Informasjon

Vi oppmodar alle til å komme til Bismo denne dagen, Kronprinsparet er nemleg på fylkestur.

Til vi som er publikum:
Kl 11.30
- Mellom biblioteket og skulen -
Kronprinsparet kjem til Bismo etter ein liten stopp ved Ofossen Mølle. Kronprinsparet vil gå frå biblioteket og bort til nyskulen. Her vil dei få blomster av to  "blomsterbarn" frå Skjåk. Dei vil også helse på publikum.

Vidare skal dei ha ei vandring i og rundt Skjåk barne- og ungdomsskule. Her vil dei m.a. få sjå utstilt elevarbeid frå arbeid med "Vatn i Skjåk". 

Medan kronprinsparet får ei omvisning, går publikum til baksida av skulen.

Kl 12.15
- På baksida av skulen, mot idrettshallen -
Etter at kronprinsparet har fått ei omvisning inne på skulen, vil vi som er publikum, få ei tale ved ein av dei. Ordførar Elias Sperstad vil også seie nokre ord. Det blir eit kulturelt innslag med song, musikk og dans av ungdom frå Skjåk.

Ta med flagg og godt humør  - bli med og bidra til at opphaldet til kronprinsparet blir eit fint minne frå Skjåk, både for dei og oss :)

Vi håpar alle er med og flaggar denne dagen!

 

Klikk for stort bildeKronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit kjem til Skjåk. Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.   

Sted

Skjåk barne- og ungdomsskule
 

Kontakt

Skjåk kommune
 

Legg til hendelsen i din kalender