Stillingssleppet 2022

torsdag 10. februar 2022, 12.00 - 13.00

Informasjon

10. februar er det klart for nytt stillingsslepp i Nord-Gudbrandsdalen. Nytt av året er Arbeidslivsdag og jobbmesse i samband med stillingssleppet. I tillegg blir Lærlingsleppet lansert, som er heilt nytt og ei felles utlysing for ledige lærlingeplassar i regionen. 

Om Stillingssleppet

Alle arbeidsgjevarar er velkomne til å delta på Stillingssleppet 2022, og det er gratis å vera med. Ambisjonen er at dette sleppet skal vera større, med meir aktivitet og enda betre moglegheiter for deg som arbeidsgjevar til å finne dei rette folka. 

I 2022 vert det stillingsslepp i samband med Arbeidslivsdagen på Nord-Gudbrandsdal vgs. I tillegg vert det eit eige lærlingslepp, slik at du kan få auka merksemd rundt lærlingplassane dine. Slik ynskjer vi å bidra til at du får fleire søkjarar til dei ledige stillingane dine, medan vi gjer det enklare for tilflyttarar å finna jobb for to.

Hugs at du kan følgje Stillingsleppet på Facebook

Tidsplan

  • Frå 10. januar: Arbeidsgjevarar kan legge inn stillingane sine samt lærlingplassar på www.komtiloss.no.
  • 8. februar: Siste frist for å legge inn stillingar.
  • 10. februar: Stillingsslepp og arbeidslivsdag
  • 10.00 -11.00 Program for næringslivet
  • 11.00 -12.30 Direktesending frå Otta Kulturhus (meir informasjon kjem seinare)
  • 11.30 Lærlingsleppet 2022
  • 12.00 Stillingssleppet 2022
  • 13.00 -15.00 Jobbmesse med stand for arbeidsgjevarar

 

Om stillingssleppet 2022

- Ledige stillingar vert publiserte på www.komtiloss.no 10. februar 2022 kl. 12.00

- Det vert arrangert jobbmesse på Otta der arbeidsgjevarar kan ha stand.

- Arrangementet og Stillingssleppet 2022 er gratis å delta på for arbeidsgjevarar.

- Stillingssleppet 2022 er eit samarbeidsprosjekt mellom Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, Sel, Dovre, Lom, Skjåk, Vågå og Lesja kommunar, NAV, Nord-Gudbrandsdal vgs., opplæringskontor og Nord-Gudbrandsdal Næringsforening.

- Det vert høve for arbeidsgjevar å ha stand og slik sett treffe potensielle nye tilsette og lærlingar.

- Vi ber om at stillingar vert publiserte eksklusivt i Stillingssleppet og Lærlingssleppet fyrst, før dei leggast ut i andre kanalar.

- For meir informasjon og påmelding: Sjå www.komtiloss.no

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål: Christoffer Biong, Prosjektmedarbeidar, Regionrådet Nord-Gudbrandsdal. E-post: christoffer.biong@nord-gudbrandsdal.no, tlf. 97652797

Nettside

Sted

Digitalt nettmøte
 

Kontakt

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal
 

Christoffer Biong
Legg til hendelsen i din kalender