Ellevill bok og musikk med Anders Totland
torsdag 9. mars 2023, 19.00 - 20.00
Kom og høyr Anders Totland fortelje, syngje og spele piano for oss.
Hans siste roman «Til jord skal du bli» er riven bort frå butikkhyllene, og det utan ein einaste bokmelding i pressa. Hans fyrste bok, “Engel i snøen”, fekk sjølvaste kronprinsesse Mette-Marit til å grine. Med den siste romanen får han folk til å le.
Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter, gir «Til jord skal du bli ein seksar», og skriv:
"Den er morosam, hjertevarm og sjarmerende på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålende univers med ein sjarmoffensiv av karakterer. Dette er ei bok som vil treffe eit bredt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbundet av den vanvittige historien. Les den. Du vil ikkje angre."
Alva Elisabet Thorkildsen Totland
Pris voksen: 0
Kontakt
Legg til hendelsen i din kalender