Julekonsert med Åsmund Nordstoga og Frode Alnes

fredag 15. desember 2023, 18.00 - 23.00

Informasjon

Velkomen til ein lun og stemningsfull førjulskveld fylt med vakker musikk, høgtid, glimt i auget og god julestemning.

Frode Alnæs og Aasmund Nordstoga

 

I desember kjem Frode Alnæs til Skjåk med sin populære juleturne' "Lang desember natt", og han har invitert med seg visesanger Aasmund Nordstoga som musikalsk gjest og makker.

Når gitaristen frå Nordmørskysten møter folkemusikaren og gardbrukaren frå Vinje i Telemark, skapar dei musikalsk julemagi. Det er to sjarmerande og folkekjære artistar med god kjemi og stor respekt for kvarandre som legg ut på turnè saman.

Konsertane byr på mange musikalske høgdepunkt både frå Frode og Aasmunds eigne juleplater, i tillegg til gamle og nye songskattar som høyrer jula til.

Frode Alnæs og Aasmund Nordstoga er båe kjent for sin unike formidlingsevne både musikalsk og verbalt. Dei byr og på både muntre og gode historier, der gamle juletradisjonar møter vår tid.

Her er det berre å senkje skuldrane og la seg fylle av den gode julestemninga.

Eit kremlag av musikarar fylgjer med på ferda: Jørun Bøgeberg (bass), Eivind Kløverød (trommer/perkusjon) og Freddy Holm ( multiinstrumentalist).

Pris voksen: 555

Nettside

Sted

Skjåk kyrkje
Skjåkvegen 611,  2690 Skjåk

(post): kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kontakt

Skyskraperartist i samarbeid med Skjåk kommune
 

Kulturkonsulent Marianne Stensgård
Legg til hendelsen i din kalender