Pressemelding - folkevekst i Skjåk

Vi tek dette som eit teikn på at Skjåk er kjent som ein god kommune å  bu i. 

Det er godt å bu i Skjåk

Pressemelding frå Skjåk kommune

 

Ny folkevekst i Skjåk

Med ein folketalsauke på 25, var Skjåk den kommunen i Oppland med størst prosentvis vekst i fjor. Og trenden fortset. I løpet av det fyrste kvartalet i 2019 auka folketalet i Skjåk med tre personar. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

- Dette er svært gledeleg og faktisk betre enn venta. Trass fødselsunderskot gjekk folketalet likevel opp dei tre fyrste månadane i år. I fjor var det mange nye tilflyttarar som særleg bidrog til folkeauken i Skjåk. Vi ser at denne trenden fortset, seier ordførar Elias Sperstad.

Fleire flyttar til enn frå Skjåk, viser tal frå fjoråret og det fyrste kvartalet i år. 

Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad- Vi tek dette som eit teikn på at Skjåk er kjent som ein god kommune å  bu i. Folk står på for å  bidra med noko positivt for bygda. At vi har mange heilårs industriarbeidsplassar spelar nok ei viktig rolle for å kunne halde oppe folketalet. Vi har eit stabilt og solid næringsliv. Det er vidare etablert nye arbeidsplassar samla i miljø, og det er viktig. At Skjåk kommune tilbyr etablerarstipend gjennom næringsfondet slår også positivt ut, seier Sperstad, som håpar at den positive utviklinga fortset. 

Folketalsauke betyr også auke i rammeoverføringar frå Staten.