25 % stilling som vernepleiar, for tida i Bismotunet bufellesskap

Stillinga er for tida ei helgestilling i turnus med langvakter 4.  kvar helg.

25 % stilling som vernepleiar i Bismotunet bufellesskap

Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Dette er eit heildøgns bemanna bufellesskap som var nytt i år 2020 med både; vaksne bebuarar og avlastningsplassar for barn og unge. Vi har fokus på velferdsteknologi, og vi er med i det nasjonale programmet frå Helsedirektoratet for innføring av velferdsteknologi.

Arbeidsområde

Du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn-, unge og vaksne funksjonshemma.

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiarutdanning
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest 

Vi vektlegg at du

  • har erfaring med målretta miljøarbeid med barn og vaksne funksjonshemma.
  • har interesse for fag og fagutvikling.
  • er fleksibel i høve til omstillingar.
  • har evne til å arbeide sjølvstendig.
  • har gode samarbeidsevner.
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
  • har generell forståing for bruk av teknologi som td. Velferdsteknologi.
  • dokumenterer i høve til lov og forskrift.

Arbeidet kan vere fysisk belastande

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Grundig opplæring og kurs, td. i høve til tvang og makt etter kap. 9 i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Gudrun Teigen mobil 95982598.

 Søknadsfrist 2. juni 2024.

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Gudrun Teigen
Tenesteleiar Heimetenesta for funksjonshemma
Telefon 61 21 71 61
Mobil 959 82 598