Kommunen har behov for å revidere eksisterande renovasjonsforskrift for å sikre ei meir effektiv og miljøvennleg handtering av avfallet frå bustader- og fritidsbustader. Den nye forskrifta skal bidra til å oppnå kommunen sine målsettingar innan avfallshandtering, inkludert auka kjeldesortering, redusert avfallsmengde og betre ressursutnytting.
Gjeldande renovasjonsforskrift for eigarkommunane i NGR er frå 1. januar 2010 og er tilpassa gjeldande renovasjonsordning. Frå 1. januar 2025 ynskjer kommunane og NGR å innføre kjeldesortering av matavfall med oppsamling i dunk, og samtidig vil ein erstatte dagens løysing med sekk til dunk for restavfallet.
Forslag til revidert renovasjonsforskrift er utarbeidd av NGR i samarbeid med juridisk avdeling i Samfunnsbedriftene.
Det er eit mål at revidert forskrift skal kunne vera gjeldande over tid. I åra framover ventar ein store endringar i avfallshandteringa på grunn av nye krav frå styresmaktene når det gjeld sortering, behandling og gjenvinning av avfall. Det vil truleg også bli endringar som følgje av teknologisk utvikling og digitale løysingar. Ny forskrift må kunne fange opp slike endringar utan stadige behov for revisjon. Dette tilseier at den nye forskrifta blir utforma med overordna rammer, medan nærare skildringar av praktiske detaljerte tilhøve vil framgå av ein administrativ rettleiar. Forslag til rettleiar er vedlagt denne saka til orientering.
Endringane i forskriftsteksta er:
- Revidert forskrift utformast med ein generell del og ein tilhøyrande og meir detaljert rettleiar.
- Ny inndeling i kapittel med overskrifter, der reglar som naturleg høyrer saman er samla for seg.
- Tydelegare skilje mellom kommunen sine og abonnenten sine oppgåver, plikter og ansvar.
- Redaksjonelle endringar der føresegner heilt eller delvis er flytta slik at ting som tematisk sett høyrer saman er mest mogleg samla.
- Språklege endringar ved å endre og komprimere tekst for å gi eit mest mogleg enkelt språk.
Kommunane er etter forureiningslova §30 pliktsubjektet og rettsleg ansvarleg for hushaldningsrenovasjonen for eigne innbyggjarar. Ordet kommunen brukast gjennomgåande i forskrifta også i fleire tilfelle der det i praksis er NGR som utfører arbeidet.
Myndigheitsutøving og forvaltningsansvar ligg framleis i kommunen. Det betyr at det framleis er den enkelte eigarkommune som fastset og krev inn avgifter, handsamar søknadar, treff vedtak og føretek klagehandsaming etter forvaltningslova. Det blir ikkje delegert myndigheit til NGR til å treffe enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Sidan det er kommunen som behandlar saker etter forskrifta, og skal bruke retningslinjer fastsett i administrativ rettleiar både ved vedtak og klage, må også rettleiaren vedtakast av kommunestyret.
Den enkelte eigarkommune vedtek forskrifta for sin kommune. Av praktiske grunnar må det gjerast likelydande vedtak i alle 6 eigarkommunane.
Høyringsfrist
Høyringsfrist 10. april, 2025.
Send høyringssvar til: post@skjaak.kommune.no eller til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk
Vedlegg: