Rådgjevar i økonomi

Skjåk kommune søkjer etter ein dyktig og engasjert rådgjevar som kan vere med å styrke vår økonomiavdeling.  

Rådgjevar i økonomi

Skjåk kommune har eit solid økonomisk fundament. Store og spennande oppgåver ventar, og som rådgjevar vil du ha medansvar for budsjettoppfølging og gjennomføring av tiltak i kommunen. Du vil arbeide tett saman med økonomisjefen og dei andre tilsette på økonomi, og du vil ha ei sentral rolle med store moglegheiter til å påverke den vidare utviklinga av avdelinga. Rolla vil kunne innebere ein stedfortrederfunksjon for økonomisjef etter nærare avtale.  

Aktuelle ansvarsområde og oppgåver 

  • Fagleg støtte og rådgjeving overfor økonomiavdeling og leiing i Skjåk kommune 
  • Rådgjeving og budsjettoppfølging i tenestene i kommunen 
  • Kraftforvaltning
  • Arbeid med analyse og rapportar 
  • Oppgåver knytt til internkontroll 
  • Oppgåver knytt til rekneskap og løn i kommunen kan bli lagt til stillinga 

Det kan bli endringar i ansvarsområde og hovudoppgåver grunna endringar i krav og behov. 

 Kvalifikasjonar 

  • Økonomisk utdanning på bachelornivå eller høgare. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning 
  • God systemforståing og gode digitale ferdigheiter 
  • Erfaring frå økonomiarbeid i offentleg sektor er ein fordel 
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk 

 Vi vektlegg at du  

  • er initiativrik og evner å arbeide sjølvstendig og strukturert 
  • har gode analytiske eigenskapar  
  • har evne til å framstille informasjon på ein systematisk måte som er lett å forstå 
  • er positiv til endringar og nye digitale løysingar 
  • har sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • bidreg til samhandling på tvers av kommunen sine tenesteområde  

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

 Vi tilbyr 

  • Ei spennande og utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. 
  • Ein dynamisk organisasjon med kompetente medarbeidarar
  • Tilsetting på kommunale vilkår med konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning 

Skjåk kommune har ei ordning med prøvebustadar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø, mobil 918 17 696. 

 Søknadsfrist 24. juni 2024

  • Elektronisk søknadsskjema 
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.  

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Ivar Bø
Kommunedirektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 918 17 696