Skjåkpris, kulturstipend og julekonsert med Bjørn Tomren

Skjåkprisen 2024 vart tildelt Ola Haugen. Vemund Vang fekk Skjåk kommune sitt kulturstipend. Skjåk kommune gratulerer!

Skjåkprisen 2024

Skjåkprisen gjekk i år til Ola Haugen for hans store engasjement innan friviljug arbeid i bygda. Sidan 2000 har han leia Skjåk LHL og vore ein sentral kraft i LHL-laget, samt hatt verv i fylkesstyret i LHL. Haugen har lagt ned ein formidabel innsats med aktivitetar, som trening og sosialt samvær for eldre, organiserte gå-grupper og trimtilbod i Skjåkhallen. Han har også stilt opp med skyss for dei som treng det. 

Ordførar Kristen Haugen Dagsgard og kulturansvarleg i Skjåk kommune, Marianne Stensgård, fekk æra av å dele ut årets Skjåkpris til Ola Haugen. Skjåk kommune

Fungerande ordførar Kristen Haugen Dagsgard trekte fram Haugens ustoppelege arbeidsglede og omtanke for andre, og understreka kor viktig hans innsats har vore og framleis er for lokalsamfunnet.

Kulturstipendet 2024 

Vemund Vang fekk kulturstipend 2024 - Klikk for stort bildeVemund Vang fekk kulturstipend for 2024 Skjåk kommune

Kulturstipendet vart tildelt Vemund Vang, ein ung og talentfull durspelspelar som allereie har hevda seg på nasjonalt nivå. Med andreplassen i Landsfestivalen i gamaldansmusikk (2024) har han vist stort potensial og bidreg til å halde viktige musikktradisjonar i hevd. Vemund er eit førebilete for framtidige generasjonar innan kulturfeltet i Skjåk.

Stemningsfull julekonsert i Skjåkhallen

Skjåkhallen vart forvandla til ein samlingsstad for musikk og kultur då Finn Sandum opna kvelden med opplesing av eit av sine eigne dikt før det lokale bandet Yonkoskriu opna den musikalske delen med eit stemningsskapande oppvarmingsnummer. Dei la eit solid grunnlag for Bjørn Tomren, som inntok scena med julekonserten «Jul på godt og vondt»

Bjørn Tomren med band - Klikk for stort bildeBjørn Tomren med band i Skjåkhallen Skjåk kommune

Bjørn Tomren med sitt varierte repertoar og si evne til å fenge publikum på tvers av generasjonar, skapte ei humoristisk og variert musikalsk oppleving for alle som var til stades. Kvelden markerte ei flott opning av juletida, og Skjåkhallen vart forvandla til ein samlingsstad for musikk og kultur. Det vart ei vellukka feiring av fellesskap og julestemning i Skjåk.

… Og det kjem fleire glimt får kvelden seinare.