Vi treng dykk!
Er du ein del av det kreative miljøet, driver ein lokal bedrift, eller har du ein idé for eit arrangement? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! SOLfestivalen er ei fantastisk moglegheit til å vise fram kva bygda har å by på, feire sola, og bidra til å skape gode minner for alle.
Festivalen har rom for alt frå små, intime hendingar til større arrangement – konsertar, utstillingar, smaksopplevingar, marknader, kurs, og mykje meir. Om du vil vere ein del av det offisielle programmet eller støtte festivalen på anna vis, tek vi imot alle initiativ med opne armar.
Frå opninga av SOLfestivalen 2024Meld di interesse innan 3. februar 2025
Ta kontakt med oss for å dele dine idear, eller for å få meir informasjon om korleis du kan bidra.
Saman gjer vi veke 10 i 2025 til ei lysande oppleving for heile bygda – Solfestivalen i Skjåk!
Informasjon om førre SOLfestival i Skjåk