8. klassingane på Skageflå

Kvart år reiser 8. klassingane i Skjåk på tur til Skageflå i Geiranger. Skageflå er ein fråflytta fjellgard som ligg på ei fjellhylle om lag 250 meter over Geirangerfjorden. Her er det fin utsikt til fossane Dei sju systrer og fjellgarden Knivsflå som ligg på den andre sida av fjorden.

8. klassingane på Skageflå - Klikk for stort bilde Trond Brandsar

Vakker natur og bratte stigar

Dette området er eit eventyrlandskap av majestetiske, snødekte fjelltoppar, ville og vakre fossar, frodig vegetasjon og den djupe, blå Geirangerfjorden. Lærar Trond Brandsar seier at det alltid er fint å oppleve fjord og fjell, sjølv med lett duskregn.

Regnet hadde gjort vegen opp til Skageflå glatt og sleip. Dette var ei ny utfordring for skjåkværar som er van med tørrare forhold. Nokre fekk utforda høgdeskrekken sin.

Alle kom seg trygt attende til Geiranger - og da var det tid for is.

Skageflå

Garden Skageflå har vore i bruk heilt sidan middelalderen. I 1873 gjekk det eit stort jordskred over garden og øydela mykje av den dyrka jorda. For å få hjelp til oppryddinga vart garden delt i to bruk. Det høvde seg slik at bror og syster på Skageflå gifte seg med bror og syster på Møllsæter, og begge syskenpara slo seg ned på Skageflå.

Garden har tradisjonelt vore rekna som ein av dei rikaste gardane i Geiranger. Det kjem ikkje minst av dei grøderike beitemarkane i Skagedalen. På det meste kunne dei fø 125 geiter på denne garden.

8. klasse på Skageflå - Klikk for stort bilde Trond Brandsar Skageflå - Klikk for stort bilde Trond Brandsar