80% 2-årig vikariat som saksbehandlar ved Lom og Skjåk tildelingskontor

Tildelingskontoret søker etter saksbehandlar i 80% vikariat frå 13. august 2018 og i 2 år, med moglegheit for fast tilsetting.

Tildelingskontoret Lom og Skjåk - Klikk for stort bilde

Lom og Skjåk tildelingskontor har ansvar for sakshandsaming i samband med tildeling av pleie- og omsorgstenester i Lom og Skjåk. Tildelingskontoret søker etter saksbehandlar i 80% vikariat frå 13. august 2018 og i 2 år, med moglegheit for fast tilsetting.

Arbeidsoppgåver 
•    Sakshandsaming 
•    Koordinerande eining (overordna ansvar for arbeid med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar) 
•    Delta i tverrfagleg vurderingsmøte 

Kvalifikasjonar 
•    Sjukepleiefagleg utdanning eller annan relevant 3-årig høgskuleutdanning 
•    Sakshandsamarkompetanse/erfaring/relevant praksis frå offentleg/private helsetenester 
•    Kjennskap til og forståing for helsejuss 
•    Erfaring frå praksisfeltet 
•    Førarkort klasse B og disponere bil 
•    Grunnleggjande digital kompetanse 

Vi ynskjer at du 
•    Har god kunneskap om lovverk som regulerer tildeling av helse- og omsorgstenester 
•    Har kjennskap til IPLOS og relevante kartleggingsverkty 
•    Har kjennskap til BEON-prinsippet 
•    Har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner 
•    Kan arbeide sjølvstendig 
•    Har god norskkunnskap, kommunane har nynorsk som administrasjonsspråk 
•    Er publikumsorientert og serviceinnstilt 

Vi tilbyr 
    Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
    Pensjonsordning i KLP 

Spørsmål om stillinga kan rettast til assisterande rådmann Inga Gudrun Hyrve, 40216514, eller Inger Helene Brandsar, 90562291.

Søknadsfrist 1. juli 2018 
    Elektronisk søknadsskjema 
    Søkjarlista vil bli offentleggjort 

Rådmannen
 

Kontakt

Inga Gudrun Hyrve
Leiar Støttefunksjon
Telefon 61 21 70 00
Mobil 402 16 514