Alzheimerdagen - torsdag 21. september på Skjåk Friviljugsentral

Torsdag 21. september arrangerer Skjåk Demensforeining saman med Skjåk Friviljugsentral Alzheimerdagen.

Alzheimerdagen - torsdag 21. september

Torsdag 21. september arrangerer Skjåk Demensforeining saman med Skjåk Friviljugsentral, Alzheimerdagen. Tema for dagen i år er førebygging og tilrettelegging i kvardagen. Foredraga i programmet er ope for alle og vil bli streama (vist på skjerm) på Friviljugsentralen. Kom innom på dei temaene du meiner er interessante.

Det blir servert kaffe med noko attåt!

Ei slik markering er til for for å lære meir om sjukdommen og symptoma. Det at folk får meir kunnskap om sjukdommen, vil hjelpe den sjuke, pårørande, helsepersonell, familie og vener til å akseptere og leve med sjukdommen.

Program direkte tv-stream i Skjåk Friviljugsentral:

  • 10.15 - 11.00  Mina Gerhardsen, generalsekretær, Nasjonalforeningen for folkehelsen, Laget vi treng rundt dei som blir ramma av demens.
  • 11.15 - 12.00  Geir Selbæk, forskningssjef Aldring og helse, professor ved Universitetet i Oslo. Siste nytt om forebygging av demens.
  • 13.00- 13.45  Ellen thea Dalbak, Stipendiat AFS, Sjukehuset Innlandet. Munnhelse hjå eldre.
  • 13.45 - 14.00 Utdeling av demensprisen
  • 14.00 - 14.30  Pårørande innlegg v Liv Thoresen Schlytter
  • 14.45 - 15.15  Vegen til demenskor
  • 15.15 - 15.30  Oppsummering av dagen.

Det blir tid til samtale og diskusjon mellom foredraga.

Velkomen!

bilde av logo for Skjåk demensforening - Klikk for stort bilde Skjåk demensforening

Kontakt

Edvard Kielland Mølmen
Dagleg leiar

Adresse:

Skjåk Friviljugsentral, Skeimoplassen 2, 2690 Skjåk