Bedriftsportrettet- Grimstadøygardssetra

(artikkel frå sept. 2017)

Næringskontoret i Skjåk kommune besøkte Torø Ellen og budeia hennar, Line Kampe, rett før dyra skulle heimatt no i haust.

Bedriftsportrettet- Grimstadøygardssetra

Grimstadøygardssetra har vore i samanhengande drift så lenge folk kan hugse. Setra høyrer til garden Grimstadøygard i Skjåk og det er Torø Ellen Marstein som driv både garden og setra. 

Næringskontoret besøkte Torø Ellen og budeia hennar rett før dyra skulle heimatt no i haust. Ho har drive garden sin sidan 1991 og er av dei svært fåe som framleis driv med både mjølkeku og mjølkegeit. Det er minstekvote på båe dyreslaga på garden.   

Setringa

Sesongen på setra er frå St. Hans til rundt den 20. september. I år har det vore 28 geiter som ha mjølka og alle geitene har namn. Dei vert mjølka på spann og mjølka vert sendt med TINE til TINE Lom og Skjåk kvar tredje dag. Torø Ellen har eit nært forhold til geitene sine. I 2013 sanerte ho besetninga si, noko som ho kvidde seg for. Dette var eit prosjekt som alle norske geitebønder har gjennomført for å betre dyrehelsa til geitebestanden i Noreg. Dette handla om å bli kvitt dei kroniske infeksjonssjukdomane CAE, paratuberkulose og byllesjuke. Ho er glad for at dette er gjort nå og ho merkar forskjell på dyrehelsa. Eit resultat av saneringa har vore at besetninga har måtte lære å kome heim til setra til kvelds for å bli mjølka. Dei gamle geitene hadde dette i blodet. I sommar ser det ut til at dei har skjønt opplegget, da dei har vore borte berre ei einaste natt.

Kyrne til Torø Ellen har ferie i to månader om sommaren. Dei går fritt i området rundt setra og kjem innom av og til for å helse på. Kyrne har ferie fram til dei kalvar att i oktober.

Torø Ellen meiner at det er fint  å ha fleire typar dyreslag. Dei beitar på forskjellige vekstar og pleier kulturlandskapet på beste måte. 

Avl

Torø Ellen ser ikkje så nøye på avlsverdiar og mjølkemengde når ho skal sette på nye geiter. Ho vel ut påsett geiter etter om dei har farge og nyklar. Nyklar er brusk som heng under halsen på nokre av geitene. Budeia hennes skyt inn at det er kjekt med nokre kvite, slik at det er lettare å halde auge med flokken når dei ute på beite. Geitene vert mjølka til kvota er fylt sidan har dei ferie til dei kjear att i januar.  

Budeia på setra

Line Kampe har vore geitebudeie sidan 2012. Dette har ho drive med mellom studiar og jobb. Ho likar småe besetningar og teiknar seg sjølv som eit fjellmenneske, sjølv om ho er ekte Oslojente. Line trivst godt i Skjåk. Faktisk så godt at ho i 2014 kjøpte seg eit småbruk i Bråtå i Skjåk. Sia da har ho pendla mellom Oslo og Skjåk og jobba som sosialantropolog på universitetet.  Line er glad i å arbeide ute og i mars i år selde ho bustaden sin i Oslo og vart skjåkvær på heiltid. Ho seier at ho har mykje oftare vener på besøk i Skjåk enn ho hadde i Oslo. Der har dei ikkje tid til å besøke kvarandre meiner ho. Dei fyrste åra som budeie, hadde ikkje Line sertifikat på bil. Ho sykla den lange vegen frå Åsen til Bruvoll for å handle. Da var eg sprek, ler ho. Avstandane i Skjåk har gjort at ho har skaffa seg både sertifikat og bil og er såleis noko friare til å farte, seier budeia som sjølvsagt har mekring som ringetone på mobilen sin. 

Besøk på setra

Vi lurar på korleis dei ser på å ta imot turistar på setra. Turistane må gjerne kome og helse på geitene, men under mjølkinga vi helst berre konsentrere oss om det, seier budeiene på Grimstadøygardssetra. 

Dei 5 siste åra har det vore arrangert konsert her. Da er det ulike innslag frå vener og kjente av Torø Ellen som skipar til ein kulturkveld av dei sjeldne. Dette er svært populært og har vore godt besøkt. Ikkje rart, med ei slik ramme rundt arrangementet. 

Vi takkar for at vi fekk kome og håpar det er drift på setra i mange år framover. Det er befriande godt med nokre plassar i samfunnet der tida har stått litt stille og effektivitetskravet ikkje står i førarsetet.