Betal rekningane enklare

Betal rekningane dine på ein enklare måte. Vel eFaktura og/eller Avtalegiro på til dømes kommunale avgifter, SFO og barnehage og få full kontroll over rekningane dine.

Avtalegiro og eFaktura får rekningane dine enkelt betalt 

Vel du eFaktura, får du ein elektronisk faktura rett inn i nettbanken. Alt du treng å gjera, er å godkjenne med eitt klikk så er rekninga betalt. Du slepp å taste lange KID- og kontonummer! 

Avtalegiro er heilautomatisk. Det vi si at banken syt for at rekningane blir betalt direkte frå konto på forfallsdato. Ingen KID, ingen fakturagebyr og ingen inkassovarsel. Du har full kontroll over rekningane dine sjølv om Avtalegiro-trekka blir gjort av banken då du blir varsla minst 7 dagar før trekket skjer.

Med eFaktura og Avtalegiro har du full kontroll over rekningane dine. Du avgjer sjølv forfallsdato, beløp og kva for ein konto pengane skal trekkjast frå. Det er rett og slett den beste løysinga for deg som vil unngå ubehagelege overraskingar i framtida. 

Når du betalar neste rekning frå oss, vil du i dei fleste nettbankar få spørsmål om du ynskjer å opprette eFaktura eller Avtalegiro. Ved å takka ja, blir avtala oppretta, og neste rekning blir sendt rett til nettbank og ikkje i posten. 

Når du inngår AvtaleGiro bør du vere obs på at du får melding når avtala trer i kraft. Det betyr at du må betale rekningar tilsendt i posten som normalt inntil avtala er aktivert.

Har du ikkje nettbank, ta kontakt med banken din for å opprette Avtalegiro.

Kombinasjon av eFaktura og Avtalegiro

Ved å kombinere Avtalegiro og eFaktura blir rekningane dine betalt automatisk på forfallsdato og faktura sendt som eFaktura rett til i nettbanken din. Du blir varsla minst 7 dagar før trekket skjer på konto.

Les meir om Avtalegiro og eFaktura her