Biblioteket avsluttar utlånet også

Onsdag 11. mars stengte vi biblioteket for besøk. Frå måndag 16. mars avsluttar vi også alt utlån inntil vidare.

Klikk for stort bilde cdc.gov/  

Dette er for å redusere talet på bøker som må i karantene etter stenginga. Folkehelseinstituttet informerer om at virus kan overleva og vera aktivt opptil fleire veker på flater som bøker og andre medium. Vi må difor sette alle bøker som er utlånte i karantene når dei kjem inn att.

Vi minner om at lånarar ikkje skal levere bøkene i bokkassa vår nå. VI forlengar lånetida og ventar med å ta imot bøker frå lånarar til biblioteket opnar att. Vi orsakar dette, men det er eit tiltak for å hindre smittespreiing og omfanget av koronautbrotet.

Skjåk folkebibliotek

E-bøker og Bookbites = Ta med bøkene frå biblioteket overalt

E-bøker smittar ikkje, og vi kan tilrå appen Bookbites. Ta kontakt med biblioteket viss de treng hjelp til å koma i gang. De når oss på e-post: skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no eller på telefon 909 47 020.

  • Alle som har lånekort kan låne e-bøker og e-lydbøker gjennom appen BookBites.
  • Last ned appen frå App Store eller Google Play til din mobiltelefon eller ditt nettbrett - og kom i gang.

Klikk for stort bilde 

Kontakt

Skjåk folkebibliotek
Mobil 909 47 020