BLI MED PÅ Aktiv sommarferie 2017

Klikk for stort bilde

Aktiv sommarferie 2017

Fyrste veka av sommarferien, 26.-30. juni i Skjåk, er det klart for Aktiv Sommarferie for barn og ungdom frå 1.klasse (fødd 2010) til 10.klasse. Det blir delt inn i årsklasser, og kvar gruppe får aktivitetar tilpassa sin alder og nivå. Det er eigne leiarar som fylgjer gruppene gjennom heile veka. 

Aktiv sommarferie er for barn og ungdom frå heile landet. Leiren blir arrangert av Skjåk kommune. Program kjem snart, samt meir om kva for aktivitetar som er planlagd for kvar aldersgruppe. 

Prisar

Pris kr 850,- per deltakar. Syskjen utover dette kr 720,-. Beløpet blir fakturert. 
Det blir frukt og drikke kvar dag.

Påmelding

Påmeldingsfristen er 5. juni, og elektronisk påmeldingsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no. Det vil bli sendt ut informasjon på e-post til alle veka før Aktiv Sommarferie startar. 

BLI MED PÅ DAGAR FULLE AV SPENNANDE AKTIVITETAR!

Meir info: Kari Hånsnar, tlf 991 62 602. E-post: kari.hansnar@skjaak.kommune.no