Brann i ein landbruksverkstad i Skjåk kommune

FOTO: Henry Johansen  

Det var kl 01.00 i natt at brannvesenet fekk melding om ein brann i ein landbruksverkstad i ved Nordberg Solside i Skjåk. Nærliggjande naboar vart evakuert og brannsjefen i Lom og Skjåk brannvesen meldar at ingen personar vart skadd i brannen.

Pga fleire gassflaskar inne i bygningen, to av dei med den farlege gassen acetylen, vart det satt ei tryggleikssone på 300 meter, men denne er nå oppheva.

Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen melder at fylkesveg 2650 Nordberg Solside i Skjåk er open att for gjennomkøyring, etter å ha vore stengd på grunn av brannen.