Delstilling som helsefagarbeidar

Skjåkheimen Skjåk kommune Skjåk kommune har ledig 20% delstilling som helsefagarbeidar på helg, for tida på sjukeheimen. Stillinga er fast, ledig frå 01.06.22 og har arbeid 4 av 12 helger.

Arbeidsområde

Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er god sjukepleiedekning, og andelen tilsette med fagutdanning er høg.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev er ynskjeleg, men ikkje krav. Opplæring vil bli gjeve
  • Godkjent medisinkurs
  • Godkjent politiattest av nyare dato

Vi vektlegg

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Fleksibilitet i høve til omstillingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Interesse for fag og fagutvikling
  • God norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi. (Vi nyttar fagprogrammet Profil)

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist 29. mai 2022

Kommunedirektøren

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 61 21 71 88
Mobil 489 97 924