Det er behov for fleire fosterheimar i Gudbrandsdalen

Har du rom for ein til? Vil du vite korleis du kan hjelpe? Måndag 7. oktober kl. 18.00 inviterer fosterheimstenesta til informasjonsmøte og gratis visning av kinofilmen «Instant family» i Otta kulturhus.

Dei  fleste barn og unge i Norge veks opp under trygge levekår med gode, vaksne omsorgspersonar rundt seg. Men for nokon er forholda så vanskelege at barnet ikkje kan bu hjemme. I Norge bur over 11 500 barn og unge i fosterheimar, og behovet for fosterheimar auker kvart år. Det beste for barn er ofte å bli buande i sitt nærområde, og no leiter vi etter fleire fosterheimar i Gudbrandsdalen.

Ordførar i Sel, Dag Erik Pryhn, opnar arrangementet.