Diktardagar Vågå, Lom og Skjåk 2017

I år er det 100 år sidan romanen Markens Grøde av Knut Hamsun kom ut. Dette blir overordna tema på seminaret og årets Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå.

Diktardagar 2017 - Klikk for stort bildeDiktardagar 2017

31. august til 3. september

Nytt er seminaret fredag som er tilrettelagt for elevane i vidaregåande skule og ungdomsskulen. Vera Henriksen ville ha fylt 90 år i år om ho hadde levd, og Lisbet Lid Venås fyller 80 år. Begge vil bli heidra under Diktardagar 2017.

Elles er det eit spennande og variert program i alle dei tre bygdene våre.

På Skafferiet i Skjåk skal Ragnhild Kolden fortelje om den nye boka si, Skjåk folkebibliotek skal ha kino med filmen "Markens grøde" og ei barnegruppe skal syngje for bebuarane på Skjåkheimen.

 

Program for Diktardagar Vågå, Lom og Skjåk 2017