Diktardagar Vågå, Lom og Skjåk 2018

Hovudtema for Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne litteraturen så viktig? Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og unge? Det er også temaet for det årlege seminaret laurdag 1. september.

Romferda - illustrasjon til ei barnebok av Jan-Magnus Bruheim av Jens I. Kristensen - Klikk for stort bildeRomferda - frå den nye barneboka av Jan-Magnus Bruheim som kjem ut i august, illustratør er Jens I. Kristensen Diktardagar i Skjåk, Lom og Vågå 30.8. - 2.9.

Ei av dei mest kjente og prislønna barnebokforfattarane i dag er Maria Parr, ho kjem for å delta både på seminaret og på andre arrangement.

Sidan det i 2018 er 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil vi også markere det, mellom anna med ei vandring i fotspora hans i Vågå, og ein Vinje-kveld, der det blir konsert med Aasmund Nordstoga. Vinje var fleire somrar i våre traktar, særleg som ivrig fjellvandrar i Jotunheimen, noko NRK-programmet «Med Vinje i Jotunheimen» viser.

Til festkvelden i Utgard har vi fått Sigrid Moldestad med musikarar.

Som vanleg blir det eit omfattande program, i tillegg til det som er nemnt, er det forfattarbesøk på skolar, forfattaropplesing, filmframsyning, kurs i kreativ skriving for ungdommar, lansering av Barnedikt i utval (Jan-Magnus Bruheim), diktardagarmiddag, pubkveld, Tor Jonsson-foredrag, bokbad, bokutstilling, program om barnebokforfattaren Tea Kummen.

Mari Parr - ein prislønna barnebokforfattar Sigrid Moldestad skal opptre på festkvelden Aasmund Nordstoga blir å høyre fredag kveld

 

 

 

 

 

 

Informasjon om program