Ekstraordinær tildeling til kommunalt næringsfond. (Søknadsfrist 19. oktober)

Siste søknadsfrist er 19. oktober 2020.Klikk for stort bilde

Ekstraordinær tildeling til kommunalt næringsfond 

Skjåk Kommune har fått tildelt ca. 1,5 millionar i ekstraordinært tilskot til kommunale næringsfond. 

Midlane skal forvaltast i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". 

Kort om ordninga: 

  • Tilskotet kan gjevast til bedrifter eller andre næringsaktørar
  • Tilskotet skal normalt ikkje overstige 50%, og aldri over 75%
  • Støtta skal ikkje gå til drift eller til bedrifter i "økonomisk vansker"
  • Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av korona-viruset
  • Betydninga av arbeidsplassar, verdiskapning og økonomisk aktivitet skal vektleggjast
  • Søknadsskjemaet er tilgjengeleg her

I vurderinga av søknadane om tilskot skal det leggjast vekt på: 

  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak kan motverke negative verkningar av Covid-19-utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gong

Korleis søke om støtte?

Søknad gjerast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no.

Merk: Søknadsfrist 19. oktober 2020

Kommunedirektøren si innstilling 

  1. Eksisterande regelverk for bruk av næringsfondet (både retningslinjer og standardvedtekter) blir vektlagt i saksbehandlinga, så sant det ikkje er i konflikt med midlertidig forskrift for bruk av ekstraordinære kommunale næringsfond.
  2. Det blir lågare terskel for å gje støtte til investeringar enn det som er vanleg praksis. 
  3. Alle saker blir handsama i formannskapet som er fondsstyret, uavhengig av storleik på beløpet.
  4. Det kan gjevast støtte til jordbruksbasert næring etter reglane i eksisterande næringsfond, men tiltak som gir auka sysselsetting og verdiskaping skal prioriterast. 
  5. Andre støtteordningar (t.d. Innovasjon Norge) skal alltid vurderast fyrst.

Ta gjerne kontakt med næringssjef, Marianne Stensgård, dersom du har spørsmål. marianne.stensgard@skjaak.kommune.no / 909 41 702

Kontakt

Marianne Stensgård
Næringssjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702